Snigelpost – ein treig og triveleg hobby

Dette brevapiret ønskjer eg meg.
Eg opnar postkassa utanfor huset i den norske småbyen eg bur i. Der ligg det eit brev frå Japan. Ein annan dag låg det eit brev frå England der. Og ei veke før der igjen, kom eit brev frå Tyskland. 

Som barn var eg med i ein internasjonal brevvenklubb. Eg hadde mellom anna venar i Benin, Kenya, Australia, Canada, USA, Danmark og Albania. Slik lærte eg at menneske over heile kloden er menneske ein kan vera venar med. Amerikanaren er framleis ein god ven.

I august kom eg brått til å tenka på denne gamle hobbyen. Eg sjekka verdsveven og fann ut at det framleis finst slike klubbar, og at dei attpåtil er opne for vaksne. Sidan eg akkurat då sat i stova saman med mannen min, enda det med at me kjøpte oss kvart vårt medlemsskap.  Nokon månadar seinare fekk kvar av oss ei liste med 14 namn og adressar. Dette er menneske i aldersgruppa vår som har liknande interesser som oss, og som bur i land me har ønskt oss brevvenar i. Samstundes skal adressa vår dukka opp på 14 andre lister. Så til saman kan me altså få 28 brevvenar kvar. Det er nokon brevvenar for mykje. Men truleg vil ikkje alle desse 28 vera menneske ein har så god brevkjemi med at det blir verkelege brevvenar av det. 

Sidan eg er av dei som sjeldan kastar noko som ein gong i framtida kan bli nyttig, hadde eg heldigvis eit restelager med brevpapir liggande frå bardomen. Rett nok var det ein del barnlege motiv på dei, men Ole Brumm fungerer for barn i alle aldrar, også 32. Eg ønskte meg meir brevpapir av mannen min til jul. Me prøver å støtta lokale butikkar, så han saumfarte heile småbyen vår. Han fann til saman seks, ja du leste rett, seks, ark med brevpapir til meg. Meir var det ikkje å oppdriva, og me måtte i staden bestilla ei bunke på ein meir velassortert nettbutikk. På 90-talet kunne ein snopa ulike brevpapir i kvar einaste bokhandel med respekt for seg sjølv. Noko har skjedd. Brevskriving har tydelegvis gått av moten. Eg meiner det er på høg tid med ein renessanse.

Noko av det fine med brev er at dei er så innmari treige. Ein veit aldri kva tid neste brev kjem. Ein veit berre at det ikkje kjem to minutt etter at brevet er sendt, slik ein ventar seg svar når ein chattar med nokon. I ei verd der kommunikasjonen går så fort at ein knapt får med seg eit einaste ord, er det forfriskande med saktegåande oasar som dette. Ein har tid til å gleda seg til svaret, og ein må venta akkurat så lang tid som det tek. Talet på ord i personlege brev er avgrensa av størrelsen på brevpapiret. På verdsveven går det inflasjon i bruken av ord. Folk trykker dei ut av seg utan å tenka seg om, i store mengder. Mange av orda på verdsveven er nærast heilt verdelause.

Eit personleg brev er ei ytring med omtanke bak som er avhengig av ein omfattande infrastruktur for å nå målet sitt. Det har vore gjennom postsentralar og blitt handtert av postbod, heilt fram til nett den eine, vesle adressa i millionbyen i Japan eller i landsbyen med 500 innbyggarar i England der dette tidlegare framande mennesket sit og vil fortelja meg om livet sitt, og som vil høyra om livet mitt. I England trur eg faktisk at eg allereie har funne meg ei god venninne, ein konklusjon eg mellom anna baserer på at ho også synest at "The Waves" av Virginia Woolf er ei vakker bok.

I Taiwan sit det ein fyr som ikkje heilt klarer å tolka handskrifta mi, og som derfor trur at eg heiter Knsbine heilt fram til det neste brevet mitt når fram til han. Der har eg skrive namnet med blokkbokstavar. Eg kan ikkje klandra han, for handskrifta mi er øydelagd av årevis med lynraske notat på journalistblokka.

Ei kvinne i Japan avslutta det fyrste brevet med setninga "Gjør deg selv høre når du har tid." Omsettingsprogrammet ho har brukt, har nok ikkje heilt perfeksjonert den kunstige intelligensen sin, men eg synest det var ein nydeleg gest at ho ville prøva å uttrykka seg på norsk.

Oxford Advanced Learner's Dictionary er blitt teken ut av bokhylla og blir brukt flittig. Det er herleg å leita gjennom den tjukke boka med pølsepapirtynne sider. Ja, eg gjer heller det enn å trykka meg kjapt fram til eit ikkje heilt presist svar på Google Translate. Skal det vera analogt, så skal det vera analogt. 

Dei fleste skriv brev med penn, og dei færraste tek seg tid til å kladda. Dermed er breva herleg uredigerte. Det som er skrive, er skrive. Strukturen er spontan. Derfor er det også spanande for meg sjølv å skriva brev, for eg veit aldri kva eg vil fortelja før eg har skrive det ned. Kva bilde er det eg gjev desse framande av meg sjølv? Brevet er ei fysisk eining som ein kan ta vare på for ettertida, og som vil bli verande som eit minne om avsendaren når avsendaren sjølv er borte. Den personlege stemma lever vidare i brevet og handskrifta. Breva eg fekk av ei venninne som gjekk bort, er noko av det kjæraste eg eig.

Kan hende vil éin eller to eller tre eller fleire av dei 28 eg no kjem i kontakt med, bli like verdefulle for meg som den amerikanske brevvenen min frå barndomen er for meg i dag. Kan hende blir dei venar for livet. Kan hende får eg besøka dei og sjå eit anna land frå innsida, slik eg har fått lov til å besøka venen i USA. Kvar nye adresse kan vera nøkkelen til eit varmt venskap, verdefull kunnskap og perspektivutvidande opplevingar. Eg trur verda hadde vore ein betre stad om endå fleire skreiv brev til kvarandre, slik at fleire som ut frå geografien skulle ha vore framande, kan bli venar og dela erfaringar. Ord opnar opp.

Ja, eg får vel avslutta her. For eg har tre brev liggande som ventar på svar. Eg skal fortelja ei i Japan at eg aldri har sett nordlyset, og ei gravid brevvenninne i Tyskland skal få høyra om korleis eg opplevde min eigen graviditet, sidan ho spør.

Kommentarer

Solveig sa…
Sjekk ut de norske språk kasinoene, listen er tilgjengelig for våre spillere på https://norskcasinos.net/