Ode til nasjonaldagen
Det
er den dagen i året
då
dei som ikkje
har
reprodusert seg,
kan
drikka seg
brisne
til frukost
og
sviva rundt
frå
morgon til kveld
som
dei unyttige
døgeniktane
dei openbert
er
for i dag!
skal
ein hylla og
heia
fram
barna,
det vitale
det vitale
provet
på
at
dette er eit
overlevande
samfunn
basert
på kjernekraftverdiar som
blir
pressa
inn i
små skallar
saman med most gris og is
gjenta etter faneberaren:
saman med most gris og is
gjenta etter faneberaren:
demokrati,
ytringsfridom og
likestilling
for alle!
parantes:
utanom
dei
som heilt tydeleg
ikkje
høyrer til, parantes slutt
3x3 gongar
3x3 gongar
hurra
for
oss!
Det er obligatorisk
Det er obligatorisk
oppmøte
når
framtida
marsjerer,
folketog er produktiv
folketog er produktiv
folkehelse
i praksis
fotballar blir sparka på
fotballar blir sparka på
tilskodarar
som må
le
og
forsiktig dytta ballen tilbake
til
den komande stjernespelaren
utan
å treffa,
slik
at det unike talentet
må
småspringa tre
meter
bakover i paraden,
medan
han
smiler,
overmannen,
han
kan sparka ein
ball
i rett retning,
ei
lysande framtid
er
lova han
halvnakne symjarar blir
halvnakne symjarar blir
herda
av våt vårluft
turnarar slår
turnarar slår
hjul
på hjul gjennom
heile
byen,
til
alt går rundt både
i dei
og rundt dei,
og
særs viktig
er
det med spenst
forbi
gamleheimen,
slik
at dei som skal døy,
ser
at livet kjem hoppande
like
bak dei
kulturlivet blømer,
kulturlivet blømer,
skodespelarane
skodespeler,
dansarane
dansar,
forfattarane
sit
innandørs
med øl og skriv
barberbladskarpt
om
kva
nasjonaldagen
eigentleg
handlar
om,
det
er nemleg
kvardagen,
der alt ein
feira,
er blitt
usynleg
som lufta i lungene
og
maten i tarmane
Når dagen har
Når dagen har
gått
i tråd med seg sjølv,
i
takt med oss alle,
oppdagar para
oppdagar para
på
nytt kor dillete
det er å villa sex
det er å villa sex
når
den eine er snørt saman og
tyngd
ned under ein
tradisjonsberande
kjole
som
kostar fleire månadsløner,
ein må derfor unngå søl,
ein må derfor unngå søl,
idet
ein gjer sitt
for å
sikra
rekrutteringa
til
komande
års paradar,
og
ein berekraftig
skatteinngang
Kommentarer