Ode til nasjonaldagen

Det er den dagen i året
då dei som ikkje
har reprodusert seg,
kan drikka seg
brisne til frukost
og sviva rundt
frå morgon til kveld
som dei unyttige
døgeniktane dei openbert
er

for i dag!
skal ein hylla og
heia fram
barna,

det vitale
provet på
at dette er eit
overlevande samfunn

basert på kjernekraftverdiar som
blir pressa
inn i små skallar

saman med most gris og is

gjenta etter faneberaren:
demokrati, ytringsfridom og
likestilling for alle!
parantes: utanom
dei som heilt tydeleg
ikkje høyrer til, parantes slutt

3x3 gongar
hurra
for oss!

Det er obligatorisk
oppmøte når
framtida marsjerer,

folketog er produktiv
folkehelse i praksis

fotballar blir sparka på
tilskodarar som må 
le
og forsiktig dytta ballen tilbake
til den komande stjernespelaren
utan å treffa,
slik at det unike talentet
må småspringa tre
meter bakover i paraden,
medan han
smiler,
overmannen,
han kan sparka ein
ball i rett retning,
ei lysande framtid
er lova han

halvnakne symjarar blir
herda av våt vårluft

turnarar slår
hjul på hjul gjennom
heile byen,
til alt går rundt både
i dei og rundt dei,
og særs viktig
er det med spenst
forbi gamleheimen,
slik at dei som skal døy,
ser at livet kjem hoppande
like bak dei

kulturlivet blømer,
skodespelarane skodespeler,
dansarane dansar,
forfattarane sit
innandørs med øl og skriv
barberbladskarpt om
kva nasjonaldagen
eigentleg
handlar om,
det er nemleg
kvardagen, der alt ein
feira, er blitt
usynleg som lufta i lungene
og maten i tarmane

Når dagen har
gått i tråd med seg sjølv,
i takt med oss alle,

oppdagar para
på nytt kor dillete
det er å villa sex
når den eine er snørt saman og
tyngd ned under ein
tradisjonsberande kjole
som kostar fleire månadsløner,

ein må derfor unngå søl,
idet ein gjer sitt
for å sikra
rekrutteringa til
komande års paradar,
og ein berekraftig
skatteinngang

Kommentarer

Anonym sa…
It is important to read only correct and reliable information about online earnings. Do you want some advice? Read https://mr.bet/at/game/view/demo/windfall-mobile .