Førjulshelsing frå frk. K


Frk. K fantaserer om at ho er ordførar og får skriva ei førjulshelsing til dei som valde ho, og til dei som slett ikkje valde ho.

«Kjære alle saman.

Som kjend er verda eit einaste kaos for tida. Men heldigvis er det snart jul. Då får me høve til å seia det me ikkje har høve til å seia elles i året, nemleg at me er glade i kvarandre.

Sjølv om me ikkje seier det rett ut, vel å merka.

Ei mater familias viser familien at ho er glad i dei ved å sukka og seia at «nei, så fort tida går no fram mot jul» medan ho gjer kjøkkenbenken om til eit samleband for småkaker.

Ein ektemann viser det til kona si ved å gå gjennom skjærselden på eit kjøpesenter for ho, og ved å fylla blodårene med feitt heile romjula til endes.

Ein unge gjer det ved å eta småkakene, riva papiret av gåvene og seia takk.

Dette med gåver er særs viktig. Ikkje berre fordi handelsstanden og fabrikkarbeidarane i Asia er heilt avhengige av julehandelen for å overleva, men også fordi dei limer saman samfunnet vårt.

Sjølv om me kallar oss ein moderne sivilisasjon, er det framleis primitiv reproduksjon som definerer kven som høyrer til kvarandre. Gåver bidreg til å bekrefta desse banda, år etter år. Utan band raknar samfunnet.

Reglane for gåvegjeving er som følgjer: Dei med mest pengar og høgast alder, gjev størst gåver. Gåvene symboliserer maktposisjonen desse har i gruppa. Slik veit ein kven ein skal føya seg etter, og det er jo naudsynt om maskineriet skal gå som smurd.

To julefeirarar som høyrer til same generasjon og er i same livsfase, gjev jamndyre gåver til kvarandre. Skulle ein av partane bomma med eit par hudrelappar, skal han kjenna skam. Dette tydar at den andre parten har større makt i gruppa. Den som skammar seg, bør gjera det han kan for å opparbeida seg nok kapital til å unngå at det same skjer til neste år. 

Så lenge ein gjev dei dyraste gåvene til medlemmar i primærgruppa si, er det ingenting i vegen for at ein også kan ha gåverelasjonar utanfor familien. Slik blir familiar knytte saman til større einingar, noko som utelukkande er bra, då samfunnet også treng større grupperingar for å generera kreativitet, fleksibilitet og nyskaping. Dessutan, om eg igjen får referera til handelsstanden og fabrikkarbeidarane i Asia, blir jula rekna som meir vellykka dess fleire og dyrare gåver som blir kjøpt.

God julestri! »

Kommentarer

Hans Arild sa…
Nikosar meg med sarkasmen her!