Førjulshelsing frå frk. K
Frk. K fantaserer om at ho er ordførar og får skriva ei
førjulshelsing til dei som valde ho, og til dei som slett ikkje
valde ho.
«Kjære alle saman.
Som kjend er verda eit einaste kaos for tida. Men heldigvis er det
snart jul. Då får me høve til å seia det me ikkje har høve til å
seia elles i året, nemleg at me er glade i kvarandre.
Sjølv om me ikkje seier det rett ut, vel å merka.
Ei mater familias viser familien at ho er glad i dei ved å sukka og
seia at «nei, så fort tida går no fram mot jul» medan ho gjer
kjøkkenbenken om til eit samleband for småkaker.
Ein ektemann viser det til kona si ved å gå gjennom skjærselden på
eit kjøpesenter for ho, og ved å fylla blodårene med feitt heile
romjula til endes.
Ein unge gjer det ved å eta småkakene, riva papiret av gåvene og
seia takk.
Dette med gåver er særs viktig. Ikkje berre fordi handelsstanden og
fabrikkarbeidarane i Asia er heilt avhengige av julehandelen for å
overleva, men også fordi dei limer saman samfunnet vårt.
Sjølv om me kallar oss ein moderne sivilisasjon, er det framleis
primitiv reproduksjon som definerer kven som høyrer til kvarandre. Gåver
bidreg til å bekrefta desse banda, år etter år. Utan band raknar samfunnet.
Reglane for gåvegjeving er som følgjer: Dei med mest pengar og
høgast alder, gjev størst gåver. Gåvene symboliserer
maktposisjonen desse har i gruppa. Slik veit ein kven
ein skal føya seg etter, og det er jo naudsynt om maskineriet skal
gå som smurd.
To julefeirarar som høyrer til same generasjon og er i same livsfase, gjev jamndyre gåver til kvarandre. Skulle ein av
partane bomma med eit par hudrelappar, skal han kjenna skam. Dette
tydar at den andre parten har større makt i gruppa. Den som skammar
seg, bør gjera det han kan for å opparbeida seg nok kapital til å
unngå at det same skjer til neste år.
Så lenge ein gjev dei dyraste gåvene til medlemmar i primærgruppa si, er det ingenting i vegen for at ein også kan ha gåverelasjonar utanfor familien. Slik blir
familiar knytte saman til større einingar, noko som utelukkande er
bra, då samfunnet også treng større grupperingar for å generera
kreativitet, fleksibilitet og nyskaping. Dessutan, om eg igjen får
referera til handelsstanden og fabrikkarbeidarane i Asia, blir jula rekna som meir vellykka dess fleire og dyrare gåver som blir kjøpt.
God julestri!
»
Kommentarer