Eit siste brev til Silje

(I går ettermiddag gjekk eg inn på Facebook. Eg skulle berre skrolla meg nedover meiningsytringar, skryt og smilande andlet. Brått snubla auga mine over orda: "Silje Grayston, you will be missed". Eg gjekk inn på veggen hennar. Eg prøvde å få det som stod der til å tyda at dei kom til å sakna ho fordi ho brått hadde bestemt seg for å flytta attende til Noreg. Men den tolkinga heldt ikkje. Eg googla. Eg fann svar i artiklar frå amerikanske aviser.)

Kjære Silje,
eg veit at du ikkje les dette, men eg er nøydd til å skriva det, sjølv om mottakarane er auga på den blinde verdsveven, og ikkje det omsorgsfulle blikket ditt. Eg er heldigvis ikkje van med å handsama sorg, men som eit skrivande vesen vender eg meg til bokstavane for hjelp.

Takk for alle breva du har sendt meg. Eg las dei om att i går, og eg høyrde røysta di. Takk for alt du lét meg sjå. Det tome brevet ligg ope og nakent. Det fulle brevet vert forsegla og forsvinn. Eg sat att med vissa om at orda vart tekne vare på i eit hjarte på andre sida av Atlanterhavet.

No skal eg fortelja deg kven du var for meg. Diverre får du ikkje høyra det. Menneska seier for ofte slikt for seint.

Du var ein idealist i eit samfunn av avstumpa, men velmeinande, pragmatikarar. Du lét ikkje tinga få makt over deg, og du våga å ta inn over deg lidingane i verda. Den siste gongen du flytta frå Noreg, sa du det var fordi de kunne få gjort meir godt i USA. Eg var ikkje samd, men det var nok ikkje fordi du ikkje hadde rett, men fordi egoisten i meg så gjerne ville ha deg her.

Du var ei av dei få som kunne møta meg i den inste einsemda mi. I staden for å stå på utsida og prøva å retta opp kjenslene mine derifrå, gjekk du inn i dei med meg og lét meg kvila. Det er vel så enkelt og vanskeleg som så: Du forstod meg.

Du viste meg at det er lov å tenkja og å føla. Du lærte meg å drikka vin og å lesa Morgenbladet. Du sa til meg at eg måtte sjå opp. Heilt til eg møtte deg i slutten av tenåra, gjekk eg med blikket i bakken.

Eg er van med å sakna deg. Den siste klemmen før avreise var alltid like god og vond. Men eg visste du ville koma attende. Eg måtte berre venta eitt års tid. Eitt år går fort.

Denne gongen kjem du ikkje attende, og eg kjem ikkje på besøk. Du skal aldri meir seia namnet mitt, smila og opna armane dine for å klemma meg. Saknet er eit anna denne gongen, det er endeleg, det ligg og trykker i brystet og gjer det tungt å pusta.

Kvil i fred, Silje. Eg er så inderleg glad i deg.



Kommentarer

Veldig fint skreve Kristine. Dette var veldig vondt.
Fru K sa…
Takk! Når noko er vondt, gjer det godt å skriva.