Frk. K vert forstyrra medan ho er oppteken med å teia
– Kvifor er du så stille, frk. K?
– Der er ei tid for å teia og ei
 for å tala.
– Kan du utdjupa dette?
– Alt for mange forsøplar
 verdsveven med tome ord. Dei pratar fordi dei må prata for å vera
 tilstades, for å ha ein verdsvevbunden eksistens. Slik tømmer dei
 verdsveven for innhald.
– Så ein må vita kva ein skal seia
 før ein snakkar.
– Nei, det var ikkje det eg sa. 
– Kva var det då du sa?
– Ein må ha noko på hjartet. Ein
 treng ikkje vita kva det er. 
 
– Og det har ikkje du hatt i det
 siste?
– Nei. 
 
– Kvifor ikkje?
– Fælt som du spør!
– Vil du ikkje svara?
– Får eg fred om eg teier?
– Nei. 
 
– Det skjer uvanleg mykje i livet
 mitt. Dette gjer at privatlivet mitt veks seg for stort til at eg
 klarer å ha eit engasjement som går utover meg sjølv. Fyrst når eg klarer å løfta blikket,
 kan eg sjå kva det kan vera verdefullt å fortelja andre.
 Prosessane må bli til erfaringar, og så må erfaringane finna ei
 uttrykksform. 
 
– Så du vil ikkje skriva om det du
 ikkje har kontroll over sjølv?
– Eg vil vita at det eg
 skriv ikkje berre er desperate forsøk på å bli sett og bekrefta.
 Lesarane mine skal ikkje bli passive tilskodarar til
 sjølveksponeringa mi. Dei skal bli inviterte inn i tekstane som
 reflektarande deltakarar. 
 
– Ambisiøst... 
 
– Ja, eg får det sjølvsagd ikkje
 til. Men eg vil. Difor er eg stille.
Kommentarer