Frk. K vert forstyrra medan ho er oppteken med å teia

– Kvifor er du så stille, frk. K?
– Der er ei tid for å teia og ei for å tala.
– Kan du utdjupa dette?
– Alt for mange forsøplar verdsveven med tome ord. Dei pratar fordi dei må prata for å vera tilstades, for å ha ein verdsvevbunden eksistens. Slik tømmer dei verdsveven for innhald.
– Så ein må vita kva ein skal seia før ein snakkar.
– Nei, det var ikkje det eg sa.
– Kva var det då du sa?
– Ein må ha noko på hjartet. Ein treng ikkje vita kva det er.
– Og det har ikkje du hatt i det siste?
– Nei.
– Kvifor ikkje?
– Fælt som du spør!
– Vil du ikkje svara?
– Får eg fred om eg teier?
– Nei.
– Det skjer uvanleg mykje i livet mitt. Dette gjer at privatlivet mitt veks seg for stort til at eg klarer å ha eit engasjement som går utover meg sjølv. Fyrst når eg klarer å løfta blikket, kan eg sjå kva det kan vera verdefullt å fortelja andre. Prosessane må bli til erfaringar, og så må erfaringane finna ei uttrykksform.
– Så du vil ikkje skriva om det du ikkje har kontroll over sjølv?
– Eg vil vita at det eg skriv ikkje berre er desperate forsøk på å bli sett og bekrefta. Lesarane mine skal ikkje bli passive tilskodarar til sjølveksponeringa mi. Dei skal bli inviterte inn i tekstane som reflektarande deltakarar.
– Ambisiøst...
– Ja, eg får det sjølvsagd ikkje til. Men eg vil. Difor er eg stille.

Kommentarer

funky_uncle sa…
Som eg skulle sagt det sjølv, hadde eg kome på det, men det hadde eg jo ikkje om ikkje du hadde sagt det fyrst.
Fru K sa…
No har eg oppdatert lekkja som fører til sida di, så om du ein dag vil slutta å teia (det kan skje kva tid som helst, skulle ein tru), er koplinga mellom sidene våre på plass.