Ein vesentleg skilnad
Dei lukkelege og vellukka
Eg sit saman med kvinner midt i
trettiåra. I dag feirar me ei av dei, ho er ei av dei kvinnene eg
ser opp til, fordi ho er dyktig i faget sitt, har sjølvtillit til å
løfta røysta si, fordi ho ser menneska kring seg og fordi ho er dyktig i
kunsten å visa folk at ho er glad i dei.
Eg høyrer røystene deira, eg høyrer om barn som begynner i 1. klasse, om livet i departementet/ på legekontoret /eller på andre arbeidsplassar som vitnar om ei blomstrande karriere. Eg høyrer dei lovprisa dei som er flinke til å trena, medan andre ler av sine eigne forsøk på å få til joggeturar. Vertinna blomstrar, ho går mannekeng i dei nye kjolane ho har kjøpt i dag, og dei skryt av kjøpa, av kor heldig ho har vore som finn slikt på sal.
Dei er stereotype, vellykka kvinner. Eg ser liv der alt er oppfylt: Karrieren og familien. Helsa og venleiken. Og såvidt eg kan sjå, er også lukka tilstades i forsamlinga.
Den ulykkelege og vellukka
I går såg eg filmen 'Oslo 31.
august'. Eg såg gatene eg vandrar i, kafeen der eg same
dag drakk kaffi. Og eg såg mørkret som skjuler seg bak ressurssterke
fasader. Filmen handlar om Anders som er på avrusing, men som denne
dagen kjem ut att for å møta byen sin. Det er ikkje Anders eg vil
skriva om, men kameraten hans. Kameraten er litteratur-forskar, har
ei vakker kone og to herlege barn. I ei scene der Anders og kameraten
er på vandring gjennom byen, der dei sit på benkar i diverse av
byen sine grøne parkar, og etter at Anders har fortalt om ønsket
sitt om å døy, fortel kameraten om livet sitt. Kameraten fortel om
kvardagane sine, om alt som skal gjerast på jobben, om sonen som har
fått utslett, og om at han og kona knapt går ut meir, at
favoritt-aktiviteten deira er å spela tv-spel saman, at dei ikkje
har sex. Kameraten synest ikkje å setta pris på retninga livet hans
har teke, sjølv om han fylt opp dei same faktorane som kvinnene i
selskapet hadde. Kvifor er livskjenslene deira så ulike?
Eit forsøk på å finna skilnaden
No utelukkar eg denne eine faktoren: At
nokon synest disponerte for å vera nøgde og glade, medan andre
lettare fell i tungsinn. Og eg gidder ikkje diskutera om dette er eit spørsmål om kjønn.
Er karrieren utelukkande eit statussymbol og ein pengefontene? Eller er jobben ein stad ein realiserer potensialet sitt for å gjera noko godt samfunnet? Eg trur at om ein i fyrste rekke jobbar for andre enn seg sjølve, vil jobben kunne gjera ein glad, i plassen for at det vert eit evig jag som tappar ein for kreftar.
På Universitetet observerer eg følgjande: Når ein vert oppmoda til å ta del i studentorganisasjonar og til å ta på seg verv, er eit av dei tyngste argumenta: "Tenk så bra det ser ut på CV-en!". Ein meir egoistisk motivasjon for ideelt engasjement skal ein leita lenge etter. Kva skjer med student-demokratiet om alle som sit i utval og styre berre er der for sin eigen del? Kva skjer med Studentersamfundet om alle som tek i eit tak gjer det berre fordi dei kan få seg viktige kontaktar for framtida, og for å kunna visa til eit leiarverv på CV-en? Og kva skjer med samfunnet når alle desse karrieristane skal ut og slåst om prestisje i arbeidslivet?
Eg meiner både jobb og privatliv bør vera prega av ei glede over å få vera tilstades i andre sine liv, ei glede over å kunna bidra slik at andre har gode kvardagar. Ja, idealistisk som eg framleis er, trur eg vegen til lykka er vegen ein går når ein elskar menneska kring seg, slik at den plassen desse menneska tek i livet, vert ei gåve ein gjev dei med glede, heller enn offer av tid ein eigentleg ville ha brukt på å pleia sitt eige ego. Dette er kan hende skilnaden på kvinna som nyleg fylte 35 år, og på den ulukkelege kameraten til den ulukkelege Anders.
Kommentarer
Samstundes ser eg stadig at lukka (lukkekjensla) ikkje er ein konsekvens av edle taknar, gode val og ueigennyttige prioriteringar. Svarte flekkar og gråtonar er det i alle liv som ein naturleg del av biletet. Det fiksar dei fleste. Men mørkret og mismotet rammar av og til der ein ikkje ventar det, trass herlege ungar og ueigennytte. Eg har stor respekt for dei som lever på kanten av avgrunnane i livet sitt og likevel er der for seg sjølv og andre.
Lukka kan vera så mange ting: Av og til er ho heile deg. Av og til er ho ein tynn streng til livet , - å overleve.
Hell- og lukkefeed til alle!
(At eg er mann... ja det gidd eg slett ikke kommentera ein gong.)
"Samstundes ser eg stadig at lukka (lukkekjensla) ikkje er ein konsekvens av edle taknar, gode val og ueigennyttige prioriteringar." Samd!
Og mørkret vil vera der (i alle fall for slike som meg, som ikkje er disponert for konstant glede og optimisme), uansett kor ofte ein gjer seg medviten om valet om å jobba og leva for dei ein har kring seg. Ein har også eit sjølv å ta omsyn til.
Men eg trur at sjansen for at lukka kjem siglande er mindre om ein ser på livet sitt utelukkande som eit isolert enkeltpersonsføretak, når ein sjølv er det einaste argumentet ein har for å halda fram.
Heller då å grunnleggande sjå seg sjølv som ei levande brikke i eit nett av relasjonar, der brikkene gjev kvarandre næring og meining gjennom relasjonane.