Ramme verk
Ho smiler. Nøgd over å sjå at ramma har fire hjørne som held det heile saman. Ho plasserer biletet mot glaset, festar bakstykket, og ikkje ein einaste malingsflekk flyt utanfor heilskapen.
Og når nokon stiller ho eit spørsmål, eit av dei vanskelege, som ”korleis kan du ha ei heil og fullkommen glede når det i den heilage boka di faktisk er tale om ei reell fortaping for reelle menneske, menneske som du er glad i? (om du då i det heile er glad i nokon som er utanfor ramma di. for om du skal vera glad i dei, må du våga å lytta til dei og ta orda deira på alvor, sjølv om dei seier ting som ikkje passer inn)”,
Då ser ho til biletkanten der ramma tek til og ser kva som står
skrive: ”Eg forstår ikkje. Men Han forstår.”
Ho smiler. Nøgd over å sjå at ramma har fire hjørne som held det heile saman. Ho legg lokk over spørsmåla, får hjernen ti å teia, kneblar frykta med evig fred, og er så velsigna lukkeleg.
Nokon må då bli provosert over dette?
Det er ikkje orddelingsfeil i overskrifta.

Kommentarer
Jeg kjenner svaret: Uransakelighet og atter uransakelighet. Men hvis ikke jeg kan gjøre meg noe bilde av gud, kan heller ikke du. Jeg velger å skamme meg over det jeg gjør, ikke over det jeg er. Men guds vrede og nåde rammer blindt, noe Job har demonstrert i sitt blasfemiske mesterverk. Job kler av sin guds fillete dommerkappe og lar ham stå ribbet tilbake, alt unntatt hans brautende omnipotens og hans fullstendig vilkårlige straffeutmåling. Like tilfeldig som det kaos en del av hedningene påstår at virkeligheten består av, men siden det står en vilje bak blir det også urettferdig. Det står klart for meg at jeg står utenfor kristendommen ikke først og fremst av rasjonelle grunner, men av moralske.
For øvrig er det himmelropende provoserende at du K, som lingvist in spe, benytter termen orddelingsfeil der det heter særskrivingsfeil. Ord-deling, sær skriving. Allikevel holder jeg meget av deg, frk. K. Jeg håper vi kan treffes i livet etter dette.
J
J: Eg tek sjølvkritikk når det gjeld særskrivinga. Djup og inderleg sjølvkritikk. Feilen skal bli ståande og spotta meg.
Og alt dette andre som du skriv og som du stadig seier: Eg skulle ønskja nokon kunne svara oss, for du veit du får meg til å teia. Det eine svaret me har fått, er eit bilete av ei hardingfele. Gud må ha noko betre å koma med. Eller er det her eg må knebla tankane mine og kasta meg blindt ut i trua?
Og eg set pris på at du held av meg, på tross av min lingvistiske inkompetanse. Eg held av deg også, på tross av og på grunn av ein heil del. Håper på ein evig fest i det hinsidige.