Akademikaren sitt mindreverdskompleks










Eg sit på forelesing, mellom ivrige, ferske lingvistar, me lærer om fonem og allofon, flotte ord, flotte teikn, utruleg interessant er det, og ein tanke slår meg:

- Eg skal ikkje heller bli bonde?




Åjauda, les eg i humanistane si forsvarstale i Morgenbladet, klart me er viktige! Ikkje berre som støtte for anna (viktigare) vitskap, dei humanistiske faga har ein klar eigenverdi. Me studerer jo det som gjer menneska til menneske, språket, filosofien, historia, me må sjå linjer, observera kva som skjer, finna ut kvifor det skjer og våga å stilla spørsmåla som er hakket større! Osb.

Likevel lengtar eg naivt attende til tida mi som gartneriarbeidar. Det var den gongen eg fjerna overflødige blader, plukka tomatar, bar tomatkassar (av og til tok eg tre om gongen, berre for å visa meg sjølv kor sterk eg var), sveitta rann i det fuktige, heite gartneriet, eg vart irritert når Jærradioen sende ”You’ve had a bad day” - songen for femte gong, for ja, dagen var dårleg, treng du gni det inn? Men eg gjorde i det minste noko nyttig! Utan meg: Ingen tomatar på bordet.

Ikkje at eg har peiling på korleis det er å vera bonde. Eg kan heller ikkje skryta på meg strålande praktiske evner, det er ein grunn til at eg gøymer meg på Blindern.

Men media gjev meg då nokre hint om bondelivet. Det er fælt. Ein får dårleg betalt, ein må ha ein jobb på sida, elles går ikkje hjula på traktoren rundt, ein må stå opp uhorveleg tidleg (til og med i helgene), og ein kan nesten aldri ta ein skikkeleg ferie.

Men tenk så fint! Bu på ei fredeleg plett på jorda, ha ei bikkje som spring lykkeleg rundt på tunet (ho er gladare etter at katta vart overkøyrd av ein traktor), og alle dagane har den same rytmen (kan hende ikkje under kalvinga). Å kunne nyta stilla når ungane har kome seg på skulebussen, setja seg ned for å skriva litt og drikka kaffi (medan håret luktar hevd) før neste arbeidsøkt. Ein treng ikkje å vera ein verdsborgar som meistrar alt, ein får lov til å vera bygdeborgar (utan at ein av den grunn treng å vera trongsynt) som startar ein lesesirkel og engasjerar seg i det lokale bygdelaget (ikkje at eg heilt veit kva eit bygdelag eigentleg gjer).

Eg blir nok aldri bonde. Eg kjem til å vera eit tannhjul samfunnsmaskineriet hadde klart seg fint utan. Eg kjem til å snylta på alle dei nyttige folka, og dei nyttige kjem til å sjå på meg som ei som trur at eg er så mykje smartare enn dei, noko eg altså ikkje trur, eg skulle berre ønska eg var meir som dei.




Om biletet: Dette var det mest bondske eg fann blant bileta mine. Dette er irske kyr, dei bur på Aran Islands. Det er nok av kyr på Jæren, men dei har eg visst ikkje funne interessante nok til å fotografera. Eg må ta meg ein fototur når eg kjem heim att, dette er flaut.




Oppdatering:

Øvst: Kalv, Ås (foto: frk. K)
Nedst: Kvige, Jæren (foto: Per MS)




Kommentarer

Ragnhild sa…
Hm. Me har mange av dei same tankane om bondelivet. Eg veit og at bønder nokre gonger gjer blomkål eller agurker til fascinerte born.

Finn deg ein odelsgut!!
PerMS sa…
Her kan du lasta ned eit heilt ferskt kvigeportrett frå Bryne.
http://www.eurofoto.no/show_album.php?aid=2003458
Anonym sa…
Du er mine tankers sjelevenn