Kjære dagbok,

som eg ikkje har. Men som eg kanskje burde ha hatt. For alle dagar fortener ei bok. Nokon dagar har også fått det.

Når ein dag er over, er eg éin dag nærare den dagen eg skal forsvinna. Det er så opplagt at det er ein klisjé. Samstundes er det ein så stor tanke at medvitet ikkje har plass til å halda han oppe kvar dag i kvardagane. 

Sidan denne dagen, som alle andre, er så verdefull som han er, skal han få ein tekst av meg. (Forf.merk.: Denne teksten er skriven eit par månadar før han blei publisert.) Ein tekst er til for ein lesar. Her er eg min eigen lesar. Men du kan også vera ein, om du vil. Kvifor skal du lesa om ein av dagane mine? Er mine dagar meir interessante enn dine? Nei. Men når me deler innhaldet i dagane med kvarandre, får me sjå meir av det livet me alle er ein del av. Livet er så stort at ingen ser heilt det same frå der dei står. Dette ser eg no. No ser du at eg ser det.

Desse dagane, i desse tidene, som ein kallar for koronatidene, er dagar i ein unntakstilstand som alle ser fram til å bli ferdige med. Eg lengtar etter den dagen der eg kan konstatera at alle eg er glad i, overlevde pandemien, og etter dagen der eg kan gje venar ein klem utan å vera redd. Eg gler meg til ein heilt vanleg søndagsmiddag hos foreldra mine, der eg igjen kan få sjå kor glade dei blir av å få tilbringa tid saman med barnebarnet sitt. Eg vil sitja på kafé!

Desse dagane er det derfor lett å mista fordi ein heile tida har blikket festa mot noko som ligg lenger framme, dei heilt vanlege dagane som ein tidlegare kunne sjå både grå og stusselege ut. Dei ligg no der framme og gløder. Men også desse unntaksdagane har ein glød. Dei gløder av livet som menneske over heile verda no står i større fare for å mista enn det dei elles gjer.

Denne dagen vaknar eg klokka fem. Sjølv om eg har lova meg sjølv å trappa forsiktig ned på nattamminga, fekk babyen mat då ho vakna gjennom heile natta, klokka tolv, klokka halv tre, klokka fem. Ho skrik. Eg gjev ho mat. Det går automatisk i nattemørket. No ligg både babyen og mannen min og snorkar forsiktig ved sida av meg. Eg kan ikkje ta proppar i øyrene, for eg er redd for at babyen skal få tak i dei og svelja dei. Derfor seier eg til mannen min at eg går ned i kjellaren for å sova litt til. Eg legg meg i kjellerkulda på ein luftmadrass som burde fått meir luft i seg, med to dyner over meg. Svevnen er full av drøymer, det er noko med eit psykologisk institutt, men eg gløymer alt då eg vaknar halv åtte, alt anna enn at dei siste timane i hovudet mitt har vore hektisk.

Eg går opp på soverommet. Vera ligg på magen midt i senga og spratlar med armar og bein, som om ho prøver å symja. Mannen min seier at dei tullar og tøyser. Det ser ut til å stemma. Eg gjev ho frukost. Det inneber at eit lite menneske et av kroppen min. Det kunne ha vore absurd, men er fullt av meining. Så går me på badet. Eg tek av ho bleia og skyller stumpen hennar i vasken. Vatnet som kjem ut av springen, får ho alltid til å smila. Og det er jo fantastisk, at det kjem noko vått, akkurat passeleg varmt og reinsande ut av eit hol over vasken. Eg steller meg sjølv og babyen simultant. Alle handlingane mine er kledde i ord. "Mamma vaskar seg", seier eg og dreg ein vaskeklut under armane mine. Nei, eg dusjar ikkje kvar dag. Det er noko eg knapt våga å seia høgt før eg blei vaksen nok til å vera trygg på meg sjølv. For heilt sidan eg var lita, har eg trudd på at ein ofte kan bli rein nok av ein vaskeklut, medan dei kule i klassen i staden gjorde eit nummer av å fortelja kor mange gongar dei dusja kvar dag. Ein treng ikkje bruka litervis med vatn og energi til oppvarming av dette vatnet kvar bidige dag for å oppfylla krava til nødvendig, personleg hygiene. Vera får på seg den blå kjolen som mormor har strikka.

På kjøkkenet har Mikael dekt på frukosten og sett på kaffien. Frukosten består av krukker med ulike kornprodukt, som til dømes havregryn, linfrø, chiafrø, havrekli, og frukostblandingkrydder som rosiner, tranebær og kokos. Me blandar desse ingrediensene saman i bollene våre. Dette gjev ei kjensle av å vera på hotell, der høgdepunktet på frukostbordet for min del er å blanda saman ulike ingredienser til sin heilt eingen müsli. Før me set oss til bords for å eta, luktar me på hovudet til babyen vår samstundes. "Getting high on baby smell", seier eg.

Me høyrer på NRK Alltid nyheter, som nett no sender frå BBC World Service. I staden for å snakka om korona-sakene som kjem rullande også der, snakkar me om kor vakkert det er å høyra på britisk. At dei gjer ein skikkeleg innsats for å artikulera lydane sine. I motsetting til meg som i det siste har teke til å mumla meir. "Sidan eg ikkje møter andre enn dykk, og fordi eg reknar med det meste her i huset uansett går via telepati", seier eg. Eg drikk kaffi frå ein bitteliten kaffikopp med bilde av Han Solo på, og teksten "I know". (Me har ein kopp til i same serie. Gjett kven det er bilde av, og kva vedkomande seier.) Størrelsen på koppen kjem av at eg har lese for mange gongar at ein ikkje bør få i seg for mykje koffein når ein ammar.

Mikael går ned i kjellaren for å studera. Vera og eg gjer eit utval av dei tinga me har drive med kvar einaste dag etter at pandemien skapte avstand mellom folk. Her blir kronologien vanskeleg, sjølv om det er i dag eg skriv om, for eg hugsar ikkje kva som kom fyrst og sist. Kanskje sat ho på matta si og utforska klossane i puttekassen, den eg sjølv leikte med på slutten av 80-talet og som eg håper at ikkje inneheld stoff som ein i seinare tid har slutta å ha i leiker fordi ein fann ut at det var giftig? Eller kanskje sette me oss fyrst ved pianoet? I dag er ho usedvanleg energisk i nedslaga på tangentane. Eg leiker med nokon akkordar, slik at ho får høyra korleis toner kan bli sette saman til noko som høyrer ut som om det høyrer saman. Ho slår laust, gjev blaffen i akkord og harmoni, og gliser med open munn, slik at ein kan sjå den vesle tanna som er på veg.

Dette skjer også i løpet av minutta som blir til timar: Eg finn fram boka med babyteikn og sjekkar at eg bruker rett teikn når eg syng "Bjørnen sover", "Jeg gikk en tur på stien" og "Bæ, bæ lille lam". Så innser eg at eg er lei av alle songane eg kan teikn til, og går inn for å læra meg ein eg ikkje har høyrt, med den ganske dårlege tittelen "Hva sier den kua". Eg søker etter melodien på verdsveven, og kjem fyrst til ein variant laga av Pudding-tv, som faktisk er laga av onkelen til mannen min. Det går kjapt å læra melodien, men teikna knotar eg med. Vera verkar dessutan lite interessert i kva akkurat den kua seier.

Babyen er trøytt. Eg legg ho i vogna for å ta ein trilletur. Ho sovnar før eg har fått vognkorga ut av huset. Eg går fram og tilbake i gata vår for å sikra at svevnen er djup nok til at eg kan setja ho frå meg på terrassen. Eg seier hei til ein nabo som triller den nesten like gamle jenta si. Han seier at det er surt i dag. Ikkje noko vêr å gå tur i. Eg samtykker. Det er godt å snakka med folk. Sjølv om det berre blir snakka om vêret.

No som babykålen (eg liker å kalla det for det, fordi eg er blitt ein vaksne med tørr humor) passar på babyen, kan mamma (ja, der var eg i tredjeperson igjen, gitt) vaska stova. Eg høyrer på ein episode av podcasten Mothers of Invention og blir oppløfta å høyra på kva flinke og engasjerte folk kan få til. Ei kvinne i India har til dømes oppretta eit frø-lager som sikrar at ein alltid vil ha tilgang til eit genetisk mangfald sjølv om industrilandbruket satsar på einfald. Det kjem godt med det året ein treng eit korn som toler meir tørke. Eg blir så inspirert at eg tek til å fantasera om at eg også kan bli ein flink og engajsert person som gjer verda litt betre enn ho er.

Vera vaknar. Stova er rein. Eg finn fram den vesle gryta og koker teffgraut. Dette hadde eg ikkje høyrt om før eg tok til å utforska oppskrifter for små mager. I utgangspunktet vil eg helst halda meg til norske kornsorter. Men ein bør visstnok unngå gluten i starten, og då står eg med få norsk alterantiv. Når ein då også bør variera kornsortane ein bruker, tyr eg til teff. Det er litt råflott å skulle få teff heilt frå Eritrea når korn veks godt i Noreg også, så eg vurderer fortløpande om dette er noko eg skal halda fram med. Men grauten smaker så godt at eg tek meg i å håpa at Vera ikkje et han opp, slik at eg kan få resten. Eg blandar i litt most banan for å betra jernopptaket. Eg trur eg gjer noko rett. Men eg gjer sikkert mykje feil også. Det gjer alle foreldre. Og dei fleste foreldre får barn det blir folk av. Det gjeld å vera ei god nok mor. Ikkje ei perfekt ei. Derfor takka eg ikkje ja til å kjøpa meg eit barnematkurs til 10.000 kroner då eg fekk tilbod om det etter å ha delteke på eit i utgangspunktet gratis webinar som hadde som mål at den som deltok skulle bli så redd for å gje ungen feil mat at vedkomande ville bruka alle desse tusenlappane for å koma seg over på den sikre sida.

Teffgrauten går ned på høgkant. Så det blei lite igjen til mamma.

Teksten er blitt lang. Men det er ikkje blitt meir enn lunsjtid. Pappaen, som eg av og til kallar han, når han kallar meg for mammaen, kjem opp frå studiet. Me et lunsj saman. Det er det beste med denne unntakstilstanden, at pappaen studerer heime i staden for på biblioteket, og at han har heimekontor dei dagane han er på jobb. Då er det alltid nokon for mammaen å eta lunsj saman med, nokon som kan snakka.

Vera sit på matta si. Eg ser at ho strevar med noko inni seg. Eg tek ho med meg på badet, tek av ho bleia og held ho over do. Ho bæsjar. Ho er eit halvt år, og ho forstår at bæsj og do heng saman. Eg er så utruleg stolt og synest bæsjen i do er noko av det finaste eg har sett. "Der er bæsjen din", seier eg til ho medan eg held ho over doskåla. "No forsvinn bæsjen din!", seier eg og lar vatnet bera bæsjen ned i kloakken. 

Vera og eg legg oss på den nyvaska parketten og høyrer på Glenn Gould som speler Goldbergvariasjonane, 80-tals-utgåva. Eg elskar å finna fram cd-ar og ligga slik ved sida av babyen og berre lytta. Ho elskar det også. Ho ligg og ser meg inn i ansiktet, vrir seg mot lyset frå det store stovevindauget, vrir seg tilbake til meg, tek tak i håret mitt og rotar og riv i det. Ho åler seg bortover golvet, i sirkel. Førbels har ho ikkje stø kurs. 

Ja, det er cd-ar det går i. Det er så mange fleire minne knytte til cd-ar enn til favorittmarkerte album på strøymetenesta. Det var gjennom Gould eg lærte meg at det har noko å seia kven som speler inn eit klassisk stykke. Det kan eg vidare takka ein ven frå studietida for. Sjølv speler han klassisk gitar, så vedunderleg vakkert.

Platespelaren er øydelagd, så samlinga eg har fått som farfar og far har samla saman, må førebels stå stilt. Men eg ønskjer meg ny spelar til bursdagen min. Då kan eg endeleg høyra på dei fire årstidene til Vivaldi. Eit tidleg barndomsminne: Eg dansar til desse stykka på det same stovegolvet som Vera og eg no ligg på. Musikk! Musikk er magisk.

Eg ammar. Vera diar. Eg les i fagbladet for journalistar og blir for andre gong denne dagen inspirert. Det står om omfattande graveprosjekt. Ein journalist kan faktisk gjera noko viktig i samfunnet. Eg er ein journalist. Eg vil bli ein flink éin, ikkje for å kunna skryta av at eg er ein flink journalist, men for å kunna bidra til samfunnet eg er ein del av.

Det er tid for kvil nummer to. Denne gongen trillar eg ein liten runde med ho før ho sovnar. Eg vel den brattaste bakken for å koma heim. Det gjev meg god motstand når eg dyttar oppover, og eg får brukt musklane på baksida av beina. Bakken var endå tyngre då eg var lita og gjekk heim frå venninna mi som budde i botnen av bakken om kvelden. Beina mine var kortare, og kveldsmørkret var mørkare. Det kunne vera kva som helst under trea i det vesle grøntområdet. Verst var det når det var søppelsekkar utanfor husa. Dei kunne romma monster. Men eg kom alltid heim til det lune, gule lyset i stova.

Mammaen søv ti minutt medan babyen søv. Så drikk ho kaffi og skriv litt. Så vaknar babyen og mamma og baby gjer tinga dei gjer. Mammaen finn ein video som den opne barnehagen har lagt ut med digital babysong-samling. Det er ikkje fyrste gongen dei to ser denne saman, for å seia det slik. Det er så godt å ha organsiert aktivitet å ty til når ein sjølv går tom for idear. Babyen bryr seg for det meste mest om å sjå på det som skjer på skjermen, og lite om synginga og dansinga som mammaen vil ha ho med på. Men det er litt gøy for begge to når babyen blir ein feiarkost som går opp og ned i pipa. Det er mykje tyngre for mammaen enn det er for ho på videon som feiar med ei tøydukke. Babyen veg ni kilo. Like mykje som treningsmanualen mammaen har no som ho må trena heime.

Eg går ut på kjøkkenet og ser at mor og far står utanfor. Dei har prøvd ringeklokka som ikkje fungerer, seier dei då eg opnar. Eg trykker. Ringeklokka fungerer. Mor har med seg havrekarbonadar. Restar frå middagen deira, som no blir middagen vår. Ho har også med seg heimelaga knekkebrød. Far har med seg alkoholfritt øl, IPA. Han hadde så mykje på lager, seier han. Og han veit at Mikael elskar alkoholfritt øl. Eg set Vera på golvet i gangen framføre ytterdøra slik at dei kan sjå at ho verkeleg kan sitja no, heilt sjølv. Dei har berre sett det på bilde. No ser dei det med eigne auge, men på trygg avstand frå oss som altså er heilt friske, men som likevel kan vera livsfarlege for menneske i risikogruppa som alderen berre så vidt har plassert foreldra mine i.

Eg koker poteter og dampar gulrøter og brokkoli til havrekarbonadane. Me et. Mikael har laga is av mjølk som me et til dessert. Han lagar havregraut til Vera, som ho et medan dei høyrer på kanalen P9 Retro. Det er den me har høyrt på i det siste når hovudet er blitt for fullt til å kunna ta imot meir koronanytt. Den beste musikken frå 60- og 70-talet. Me er eldre enn fødselsdatoane våre skulle tilseia. Medan pappa mater baby set eg meg og begynner på denne teksten.

Så er det badetid. Baby plaskar i vatnet. Det veit eg no, så eg har berre på meg truse og singlet når me badar ho. Ho grip badeanda. Badeanda har festhatt på hovudet. Den mjuke kroppen til babyen blir endå mjukare i babyoljevatn.

Ho får kveldsmjølka si medan eg høyrer på endå ein podcast. Eg legg ho i senga hennar og held ei hand på magen og ei hand på hovudet hennar medan eg nynnar trollmor-songen. Då ho finn roen, teller eg fyrst til femti inni meg. Då sluttar eg å nynna og fjernar handa frå hovudet. Så held eg fram til hundre før eg løftar den andre handar og listar meg ut av soverommet.

Eg set meg på ei pute på stovegolvet og mediterer. Det har eg gjort kvar dag i fleire år no. Eg lar vera å skriva om korleis dette går føre seg, kva det gjer med meg, og kva eg mediterer over. Men meditasjonen har endra meg som menneske. Det kan eg i alle fall seia, for å seia noko kort nok.

Eg finn ein kort yoga-video. Kroppen min er blitt avhengig av dette etter at ei venninne for fire-fem år sidan tipsa meg om Yoga with Adriene. Den litt for snakkesalige yogien frå Texas er blitt ein trufast følgjesven for meg. Før eg begynte med yoga var kroppen min hard, no er han mjuk.

Eg startar videoen. Etter tre minutt vaknar Vera. Og sidan mannen min sit i nettmøte med kollokviegruppa, går eg inn for å roa ho. Når ho fyrst finn roen, er han fullkomen.

Så fullfører eg yogaen. Så kjem mannen min opp frå kjellaren og tek seg av babykålen. Så skriv eg. Så er snart denne dagen over. I morgon kjem ein ny dag som truleg liknar denne, men som likevel vil kunna generera ein like lang og meiningsfull tekst som denne om eg bestemte meg for å skriva han ned.

Kommentarer