Dette er meir enn meg. Eg er meir enn dette.

Dette er meir enn meg... 

eg er også det som held meg i live medan eg søv, eg er pusten som går og går, eg er bakteriar, eg er hud, eg er hjartet, eg er det i meg som er i stand til å skapa eit nytt menneske i meg ved hjelp av ei sædcelle, eg er framleis truleg mange, halve moglege menneske, eg er bitar av biologisk masse, altså anna liv, som eg har putta inn i munnen, og som livet i tarmane har brote opp i bittesmå bitar og bygd opp til noko heilt nytt, altså meg, som alltid er både ny og gamal, eg er blod, eg er vatn, eg er milliardar av koplingar i det som blir kalla for ein hjerne, der lag på lag med minne ligg lagra, der kunnskap frå tusenvis av kjelder blir blanda saman til ei blanding som berre finst nett her på jorda, i dette hovudet som er meg, eg er alt som er putta inn i meg gjennom utdanning og anna danning, eg er reaksjonar på andre sine kjensler, eg er heilt eigne kjensler som til ei kvar tid gjer at kjenner meg slik som eg kjenner meg, eg er restar av solnedgangane som pupillane mine har drukke, eg er musikken som har fått hammaren til å slå taktfast på trommehinna mi, eg er lynraske nervesignal frå alle krikar og krokar av denne vanvittige organismen eg går rundt og tek for gjeve mesteparten av tida, eg er muskelmasse som kan bera eit barn på armen så lenge det er nødvendig for at barnet skal finna ro, eg er libido og lyst, eg er genar som har vandra gjennom generasjonar som ber på restar av menneske som har vore før meg,

og så går eg altså rundt og ikkje tenker det grann på kor vanvittig det heile er, dessutan kjem dette at

... eg er meir enn dette,

for eg er jo også utanfor denne kroppen, eg er i banda eg har til andre menneske, fyrst dei som står nærast, dei to eg lever saman med, eg er mor, eg er kone, eg er familie, eg er oss,

og så er eg dotter, eg er ven, eg er kollega, eg er nabo, eg er sambygding, eg er eit ansikt på gata, eg er medmenneske til milliardar, også her er eg oss,

og banda som gjer oss til eit oss er fyrst levande om ein bind dei med kjærleik, kjærleiken er åndeleg stoffutveksling, eg er porøs, dette er ikkje grensene mine, eg har teke til meg ånd frå alle eg elskar og frå alle som har elska gjennom åndsverka eg har teke til meg,

for eg er ei eining i Livet,

Livet som konstant utfører det ufattelege: Å leva,

og alle me som lever, ikkje berre me som snakkar, går og tenker, men kvar einaste grøne plante, kvart einaste mikropskopiske vesen i jordsmonnet,

me er medlevande og medlidande i kampen det er å bera Livet vidare inn i framtida,

me er Livet som det uttrykker seg no, Livet som skal vidare som eit anna oss, og det er ingenting å frykta, for me er jo no, me er ikkje når me ikkje er, og då kan me heller ikkje sakna det me var, men

det er berre no me kan elska det me er. 

Kommentarer

Carl Gunnar Gundersen sa…
Godt å tenke litt. Tusen takk, Kristine. Hilsen Carl Gunnar
Fru K sa…
Så gildt å høyra at du likte teksten!