Språkvitarmamma analyserer babysnakk

«Humanistar kan kommunikasjon» var bodskapen me fekk prenta inn då eg som student sat på eit arbeidslivsforedrag på humanistisk fakultet. Åtte år seinare står eg i ein svært krevjande kommunikasjonssituasjon som gjer at eg verkeleg får røynt kunnskapane mine frå HF. Fulltidsjobben min no for tida, betalt av den norske stat, er å tilbringa arbeidsdagen saman med eit menneske som ikkje kan snakka, men som har mykje på hjartet. Kor langt kjem eg då med masteren min i nordisk språkvitskap med fordjuping i retorikk?

Etos, patos og logos

Då dottera mi kom ut av meg, naus ho. Eit nys er ein fysisk reaksjon og kan ikkje reknast som meiningsberande. Men så skreik ho. I det skriket låg det sterke kjensler. Ho som trudde verda var innsida av magen min, opplevde at dei trygge veggane ho hadde hatt kring seg, forsvann.  

Dei fyrste vekene var det utelukkande skriking som kom frå djupet i dei kraftige lungene hennar. Skrikinga var lite nyansert, og me måtte då berre gjetta ut frå konteksten og kroppslege signal om ho prøvde å seia at ho var svolten, varm, hadde vondt i magen, eller berre var for trøytt til å møta det overveldande tilveret med anna enn skrik. Sjølv om kommunikasjonen på dette tidspunktet var lite raffinert, oppnådde ho i alle fall at foreldra gjorde alt dei kunne for å respondera korrekt. Dette klarte ho mellom anna ved å spela sterkt på foreldra sine kjensler. Det gjer ho med lydar og kroppsspråk som uttrykker liding, noko som vekker djup empati hos desse som elskar ho så høgt. I tillegg er lydbildet i seg sjølv så ubehageleg at ein vil gjera alt ein kan for å forstå ytraren så godt at ho held opp med å skrika. Ein kan med dette seia at ytringa hennar er utstyrt med ein sterkt patos.

Etosen, det vil seia truverdet hennar, er også i hennar favør. Foreldra vil aldri mistenka eit skrikande spedbarn for å ikkje vera oppriktig om behova sine, og dei vil derfor ta alle ytringane hennar på stort alvor. Når etosen og patosen speler saman på denne måten, får foreldra sterk motivasjon til å finna ut kva den meir utilgjengelege logosen, den uttalte bodskapen, er.

I tillegg til skrikande lydbølgjer, brukte ho heilt frå starten også blikket til å kommunisera med. Dette blikket er det livsviktig og vedunderleg å møta. Ho blir sett, og me ser ho, altså er ho til som eit individ i ei sosial gruppe. Denne kommunikasjonen knytte den nye sjela til ei gamal verd.

Musikken i språket

Når ein blir fødd, veit ein truleg ikkje at lydsamansettingar som ein lagar med munnen, er symbol som menneska bruker til å kommunisera med kvarandre. Men dottera mi var likevel i gang med å læra seg språket før ho kom ut av magen. Ifølgje ein artikkel i den interessante parenting-seksjonen til The New York Times, kan ein heilt frå starten av høyra at babyar er fødde med ulike morsmål. I magen har dei nemleg lytta til melodien og rytmen i språket til mor si, den såkalla prosodien. Denne språklege musikken tek dei med seg når dei gjer sine fyrste forsøk på å koma i kontakt med vesena dei møter på utsida av magen. Dottera mi var allereie ved fødselen godt på veg til å bli ein jærbu med avslepen dialekt.  

Positiv respons

No som ho er over to månadar gamal, har ho fått eit mykje større repertoar med moglege ytringar, og fleire av dei er så nydelege at mamma og pappa blir heilt rørt av å prata med ho. (Ja, ein tek til å snakka om seg sjølv i tredjeperson når ein får barn. Det trur eg er heilt normalt og ikkje eit teikn på gryande galskap. Eg gjer det fordi dottera mi skal få prenta inn kva eg vil bli kalla. Det blir litt for komplisert for babyen om ein ventar at ho raskt skal forstå at «eg» både kan referera til mamma når mamma seier eg, og til ho sjølv, når ho seier eg, og at ho i tillegg skal oppfatta at den pappa snakkar om når han snakkar om mamma, er meg.) 

Eit døme på hyggeleg kommunikasjon er når eg syng for ho på stellebordet om morgonen. Då responderer ho med glad babling, store smil med tilhøyrande ørsmå smilehol og ganske ellevill spratling. Sidan eg har sunge dei same songane veldig mange gongar til ho, tolkar eg responsen hennar som ei glede over at dette er noko ho kjenner att, då babyar og småbarn er svært glade i at ting gjentek seg. Her er det både sjølve ytringa, altså songen, og konteksten rundt, nemleg stellebordsituasjonen, som er stabil for ho. I tillegg trur eg ho set pris på at eg fokuserer heilt og fullt på ho og smiler. Når ho smiler tilbake, speglar ho meg, og kommuniserer at det eksisterer ein relasjon mellom oss som ho responderer positivt på.

Ord og teikn

Fullstendige ord ventar me framleis på, men det skulle då berre mangla. Det er ein finmotorisk kunst å klara å krølla tunga si, forma leppene og bruka pusten og stemmebanda slik at lyden blir lik den språklyden omverda har presentert. Me har rett nok høyrt tydelege «nei, nei, nei» i skrikinga hennar når me prøver å legga ho i senga der ho aldeles ikkje vil ligga, men det ville vera kjipt om det fyrste ordet hennar var nei, i staden for mamma eller pappa, så me tolkar det slik at desse nei-lydane er tilfeldige tungekrøllar heller enn sjølvstendige, meiningsberande ytringar. 

Babyar forstår mykje før dei klarer å uttrykka det sjølv med tunga si. Nokon meiner derfor det er lurt å læra babyen babyteikn, då teikn ein lagar med handa, ikkje krev like raffinert motorisk arbeid som det å snakka. Dermed kan babyen raskare uttrykka kva han meiner, noko som så skal kunna redusera frustrasjonen over å ikkje bli forstått av omverda. Kanskje verdt å prøva? Eg blei i alle fall såpass inspirert av ein podcast frå Foreldrerådet om babyteikn at eg har bestilt meg ei bok med 300 teikn. Eg ser fram til å driva språkopplæring av både meg sjølv og dottera mi. Ingen har vondt av å læra seg litt teiknspråk.

Samtalepartnar

Dottera mi ser ut til å ha oppfatta at ein samtale består av det som innnan faggreina samtaleanalyse, blir kalla for samtaleturar. Det betyr at eg seier mitt, og så seier du ditt, eventuelt med noko overlapp mellom turane om samtalepartnarane er ivrige eller ueinige. For å læra ho opp i samtalestrukturar prøver eg å respondera på samtaleturane hennar med frasar som har anten bekreftande (til dømes: «Så du seier det, ja») eller spørjande intonasjon før eg høfleg og interessert gjev ordet tilbake til ho.

På ein podcast frå Hidden Brain om babysnakk, blir ein oppfordra til å snakka om det babyen ser rundt seg. Det er logisk, for det er jo langt lettare å forstå at eg snakkar om ei bleie når eg viser ho ei bleie, enn det er for ho å forstå at eg snakkar om ein tur i skogen når det slett ikkje er ein skog på badet. Men eg må innrømma at eg snakkar med ho om både det eine og det andre, for eg blir nemleg litt lei av å snakka om ting me har i huset. Og eg trur heller ikkje det kan vera heilt feil å servera språkbitar til ho som referer til noko ho ikkje kan sjå der og då. På helsestasjonen heiar dei fram både synging og riming, og sidan det korkje bur troll, bakarar eller fisk i huset vårt, så må eg nesten synga om ting ho ikkje kan sjå, og satsa på at ho etter kvart forstår forskjellen på ting eg peikar på, og ting som finst ein annan stad eller berre i den fantasien.

Ein dag skal ho prata og lesa som om det var det enklaste i verda. Men vegen dit er lang. Den vegen har alle lesande og pratande menneske gått. Det er utruleg, men ein må jo tru det, for kommunikasjon skjer heile tida. Hjernen vår er fantastisk, og å få observera korleis han jobbar frå starten av livet, er spanande. 

Kommentarer