Haustmorgon




Haustmorgon på Jæren. Den låge sola som stig sakte på himmelen, får dropane til å glitra på gule grasstrå i grøfta. Ekorna som gjer seg klare for vinteren, piler mellom trea med store kongler i munnen. 




Alt dette eg ikkje haddd sett om eg jogga, som eg nok hadde gjort om eg ikkje hadde ein sovande baby i beresjal på brystet. Alt dette vakre som eg ser, og som eg elskar. Alt dette som eg vil visa ho når sansane hennar vaknar idet spedbarnsliv blir til barndom.



Samstundes er eg nøydd til å fortelja om kva menneska gjer med kloden generasjonen hennar skal overta, og at så mykje av det vakre som finst og som er verdt å elska, er i ferd med å bli øydelagt. Då håper eg at kjærleiken hennar til det levande gjer ho sterk nok til å kjempa, og at ikkje alt det mørke som viser seg for oss i tallause dokumentarar og artiklar, vil gjera ho like motlaus som eg sjølv ofte føler meg i møte med dei massive problema me menneske har skapt oss.



Kommentarer