Fortidskalenderen

Det er kveld. Me finn fram pennen og stiller oss framføre kalenderen på baderomsdøra.

- Kva har me gjort i dag?
- Me har gått tur i skogen.
- Ja, det var fint.
- Me skriv det, seier han og teiknar oss som to smilande, runde fjes mellom trea.

Me har to kalendrar i år. Ein med geiter og ein med hundekvelpar. Det er eigentleg ein kalender for mykje.

Men dei blei til ein god idé.

Kvelpekalenderen er ein framtidskalender, slik at me ikkje gløymer det me skal. 

Geitekalenderen er ein fortidskalender, slik at me hugsar det me har gjort. Der skriv me noko fint frå dagen som har gått, kvar einaste dag, også heilt vanlege, grå dagar. Det treng ikkje vera meir enn til dømes «ertesuppe». Ertesuppe er godt.

Kvar dag har noko fint i seg. Sjølv tysdagar.
Utruleg, men sant.
Det ser me når me ser på dei to månadane som snart har gått i 2018.

Fortidskalenderen er blitt eit monument med minnesmerke for menneske som for fort gløymer dei vakre kvardagshendingane. 

Han er ein livsgledegenerator som tvinger oss til å sjå på lyset.  

Han viser oss livet med lever saman.

Kommentarer