Elementa
Kjærleiken
er eld,
skremmande
for
dei
som trivst best i
kulde
og mørker,
og
villig til å sluka
alt
det som blir gjeve han,
idet
han transformerer
tørre
greiner til
glødande
kraft.
Han
tiner opp
frosne
sjeler
og
gjer dei så
varme
at alt dei kan vera
er
nakne!
Men
heldigvis er
kjærleiken
også
vatn,
svalande,
rennande,
reinsande,
og
leikande, styrtande nedover
fjellsida,
stormande
gjennom stryk,
med
formande,
slipande
kraft, som gjer
det
spisse og beine
mjukt
og rundt,
han
er
proppfull av potensiell
proppfull av potensiell
for
evig
fornybar
energi
for
den som
har
eit transformatorhjarte!
Som
lever fordi kjærleiken
også
er
luft
lettare
enn kyllingdun
og
så klår
at
ein reint kan gløyma
at
han finst,
men
blir han borte,
sløkkjer
sjelene lyset
og
ingen kan nokon sinne
gløyma
han igjen.
Her
er ein
fin
balanse av
små
bitar me har observert,
og
mindre enn mikroskopiske delar
som
me endå ikkje
har
tenkt tanken på at finst.
Cellene
tek
både brikkene og heilskapen
til
seg utan å spørja om slikt,
for
andedrag må til,
som
kjærleik må til,
for
at liv skal vera liv
som
ein verkeleg kan leva,
når
ein innser at
kjærleiken
dessutan
er
jord,
eit
fast fundament
under
føtene,
med
god plass til
utfalding
av røtene,
som
flettar seg inn
i
det usette, underlege,
underflatelivet.
Om
ein vatnar og sår
i
takt og pakt med
vêret
og årstidene,
då
gror det, og gror det,
grøne
vekstar
som
pustar ut luft,
drikk
av jorda
og
som ein dag blir brensel
for
elden!
Kjærleiken
er
desse
fire og
det femte elementet
Kommentarer