Takk for alt, 2017. Velkomen, 2018

I 2017 har frk. K...

Halde eitt av nyttårsforsetta som var å prøva ei ny matoppskrift ei gong i veka. Det har ho gjort, bortsett frå når ho har vore på ferie. Ho har for det meste brukt boka Vegan av Jean-Christian Jury. Ei framifrå bok som har gjeve mykje matglede.

Brote det andre nyttårsforsettet, som var å skriva ferdig ein romanaktig tekst om karakteren Ea. Frk. K jobba mykje med denne teksten, eit faktum som må ta noko av skulda for at bloggen har vore i dvale. På seinhausten skrinla ho prosjektet, noko som var ei fornuftig avgjerd. Ho har ikkje kapasistet til å bala med store, tunge tekstar på fritida når ho skriv dag ut og dag inn på jobb. Dessutan har ho dårleg hugs, så når ho ein sjeldan gong har ork til å skriva, må ho lesa seg opp, og så forsvinn all tida ho hadde tenkt å bruka på å skriva.

Teke til å skriva dikt. Det fungerer mykje betre, for då slepp ho å lesa 20 sider før ho begynner å skriva. Ho treng berre å vera til stades i eige liv med opne sansar. Her er eit døme på eit dikt:

Kjærleiken er eld,
skremmande for
dei som trivst best i
kulde og mørker,
og villig til å sluka
alt det som blir gjeve han,
idet han transformerer
tørre greiner til
glødande kraft.
Han tiner opp
frosne sjeler
og gjer dei så
varme at alt dei kan vera
er nakne!

Men heldigvis er
kjærleiken også
vatn,
svalande,
rennande,
reinsande,
og leikande, styrtande nedover
fjellsida,
stormande gjennom stryk,
med formande,
slipande kraft, som gjer
det spisse og beine
mjukt og rundt,
han er
proppfull av potensiell
for evig
fornybar energi
for den som
har eit transformatorhjarte!
Som lever fordi kjærleiken
også er

luft
lettare enn kyllingdun
og så klår
at ein reint kan gløyma
at han finst,
men blir han borte,
sløkkjer sjelene lyset
og ingen kan nokon sinne
gløyma han igjen.
Her er ein
fin balanse av
små bitar me har observert,
og mindre enn mikroskopiske delar
som me endå ikkje
har tenkt tanken på at finst.
Cellene
tek både brikkene og heilskapen
til seg utan å spørja om slikt,
for andedrag må til,
som kjærleik må til,
for at liv skal vera liv
som ein verkeleg kan leva,
når ein innser at

kjærleiken dessutan
er jord,
eit fast fundament
under føtene,
med god plass til
utfalding av røtene,
som flettar seg inn
i det usette, underlege,
underflatelivet.
Om ein vatnar og sår
i takt og pakt med
vêret og årstidene,
då gror det, og gror det,
grøne vekstar
som pustar ut luft,
drikk av jorda
og som ein dag blir brensel
for elden!

Kjærleiken er
desse fire og
det femte elementet

Blitt trulova med ein fantastisk mann. Det er stort, det. Tenk at også ho skulle få oppleva djup parkjærleik. Det hadde ho ikkje trudd for to år sidan. Nei, det hadde ho verkeleg ikkje trudd.

Hatt sitt fyrste heile år som vegetarianar etter å ha vore fleksitarianar sidan 2013. Hovudargumentet er berekraft og ressursbruk. Ein treng slett ikkje kjøt for å vera mett og sunn. No har hjernen heilt endra tankemønster, så kjøt har ho rett og slett ikkje lyst på meir.

Begynt å meditera ti-femten minutt stort sett kvar dag. Det har auka sinnsroa monaleg. No er ho svært sjeldan frynsete på nervane.

Fått elektrisk piano. Ho speler for det meste Arvo Pärt fordi det er vakkert og meditativt. No støvar den stakkars gitaren ned. 

Lese mellom anna Identitet av Thure Erik Lund, The Blazing World av Siri Hustvedt, Science and Spiritual Practices av Rupert Sheldrak, Pappaen og havet og Sent i november av Tove Jansson og Homo Deus av Yuval Harari. Alle desse likte ho.

Sett mellom anna Battlestar Galactica, Twin Peaks, Handmaids Tale, Kedi, Nymphomaniac, Barndom, The Square, Eraserhead og Mesteren og Margarita. Desse blir nemnde fordi dei er svært gode seriar og filmar.

Vore på Underleir, ein sommarleir for vaksne i Øksendal. Det vil ho anbefala alle som liker å læra nye ting og møta kreative og gilde folk. 

Lært å dansa vals og tango.

Besøkt Amsterdam, Drammen, Oslo og Åna-Sira

Blitt 30 år. Det er fint å vera heilt vaksen.

Neste år skal frk. K...

Gifta seg
Ikkje drikka alkohol. Det kjem mellom anna av at alkoholen kjennest som gift i kroppen, og av at ho ikkje lenger liker humøret alkoholen fører med seg. Ho opplever at meditasjon er ein betre måte å få seg sjølv til å vera til stades i augneblinken på. Sjølvsagt kunne ho sagt «alkohol av og til», men det er eit interessant eksperiment å seia «dette er eit kvitt år» utan å ha tvingande grunnar til å seia det. 
Gjera og oppleva mykje anna. Heilt uventa.

Då får ein berre ønska frk. K og lesarane hennar, om dei framleis finst, eit godt nytt år. 

Foto: Mikael Åsbjørnsson

Kommentarer

Rut sa…
Godt nytt år frk.K!
Så gøy at du i løpet av 2018 skal bli fru K! Gratulerer, det var veldig hyggelig å lese:)
Hilsen Rut
Fru K sa…
Tusen takk, Rut! Gildt å høyra frå deg. Eg ønskjer deg og dine eit godt nytt år!
Anonym sa…
Takk for dikt og refleksjoner som du skrev på nyttårsaften og som jeg fant i dag. Hyggelig lesning. Lykke til med avgjørelser og gjøremål i 2018. Hilsen fra Grethe