Telefonen bur i syskrinet

Eg tek opp telefonen og lar fingrane gli friksjonslaust over den glatte flata. Det skjer heilt automatisk. Eg gjer det idet eg er komen inn døra og set frå meg veska. På veg mellom gangen og stova. I sofaen. På veg frå stova til badet. På do. 

Det er noko som skjer der ute, fjernt frå meg, men likevel tilgjengeleg i handflata. Nokon har bursdag. (Er det naturleg at eg gratulerer, eller er relasjonen for perifer?) Det skal vera ein konsert. (Vil eg gå? Eg trykker på interessert, så får eg koma tilbake til det seinare.) Nokon har ei geit som dei har filma. (Skal eg sjå filmen, eller gli vidare i straumen? Eg ser. Geita seier mæææ.) Nokon analyserer Trump. (Kjem det nye poeng her, eller har eg lese alt dette før? Truleg ikkje noko nytt, ser eg i ingressen og skrollar vidare.) 

Eg seier til meg sjølv: Legg telefonen bort og begynn med det du må få gjort! Men så skal eg berre sjå litt til. Litt til. Og bittelitt til. 

Telefonen trenger seg inn i kvart einaste tomrom, kvar einaste pause. Han stiller seg til disposisjon, ligg alltid rett framføre meg eller i lomma mi. Ingenting er til hinder for at eg skal kunna gripa han og ta del i samfunnet han hevdar at han gjev meg nøkkelen til. Det er berre i dusjen han ikkje slepp til.

Telefonen fragmenterer medvitet mitt. Bilde, lydar og ord strøymer inn og ut av hovudet utan å setja spor. Kva tid skal eg skapa eigne tankar når eg stadig er oppteken med å stira apatisk på overflatiske registreringar frå ei hyperaktiv, snakkesalig verd der alle går så fort vidare til neste post at dei umogleg kan få med seg det dei sjølve snakkar om?

Kva var det eg skulle? Laga middag. 

Medan quinoaen koker koplar eg meg på igjen. Det skal vera ein loppemarknad. (Vil eg gå? Eg trykker på interessert, så får eg koma tilbake til det seinare.) Nokon har laga ein pastarett og filma han steg for steg. (Eg ser på det og blir endå meir svolten.) Eit psykologitidsskrift har lagt ut ein artikkel om korleis ein sikrar god sex i parforholdet når ein blir eldre. (Eg les nesten heile.) Så riv eg meg laust for å kutta opp grønsakene. 

Etter kvart som algoritmane lærer å kjenna oss, gjev dei oss innhald som skaper mindre og mindre friksjon. Det me liker, får me meir og meir av, og verdsbildet vårt blir bekrefta igjen og igjen. Slik blir ansiktet til internett blir forma etter vårt eige ansikt, me ser oss sjølve der, og med narsissistisk entusiasme blir me sitjande og sjå og sjå på verda i handene våre.

Kjærasten kjem heim. Me spør korleis me har hatt det. Han forsvinn på toalettet, eg lar fingrane røra ved skjermen igjen. Han vaskar hendene, høyrer eg. No kan eg godt sjå opp, for han kjem snart ut til meg, men eg ser i staden eit klipp frå JP Sears som lærer bort kunsten å bli fornærma.

Så seier me endeleg til kvarandre: No er det på tide å legga telefonane i syskrinet.

Telefonane våre har budd der etter arbeidstid dei siste vekene*. Det har vore ei velsigning som har auka livskvaliteten monaleg. Om nokon ringer eller sender ei melding, høyrer me det og svarer, for isolasjon frå menneska er ikkje målet. Det er slik ein telefon skal fungera. Men alt dette andre maset, som blei pressa på oss då dei smarte telefonane kom, det er øydeleggande for kunsten å vera til stades i eige liv og i liva til dei ein har rundt seg.

Fyrst såg det smarte ut til vera ei gåve. Sjå så mykje spanande som er tilgjengeleg under fingertuppane våre, heile tida, kvar som helst! Tenk så mykje me kan få med oss! No, som me er blitt avhengige klientar og kundar, ser me at tilkoplinga er øydeleggande. Ho er som annan rus som tek oss bort frå oss sjølve og forvrenger sanseopplevingane våre. Me vil gripa alt, men sit att med ingenting. Tilkopling er fråkopling frå det som finn stad der ein er.

Når telefonane er i syskrinet, gjer eg éin ting om gongen. Et. Lyttar. Snakkar. Gjer noko nødvendig. Skriv, skaper, les, sansar og tenker heile tankerekker. Utan å bli forstyrra av at eg sjølv brått kjem borti telefonen som berre er der. 


*For å vera heilt presis har han ikkje gjort det alle dei siste vekene, for eg har ein jobb som krev at eg følgjer med på telefonen ei heil veke i strekk kvar fjerde veke. Men det hjelper heldigvis også å sletta dei mest aggressive appane.

Kommentarer

Sophie sa…
Hvis du liker å spille togas spilleautomater, anbefaler jeg at du først leser noen anmeldelser av slots på dette nettstedet https://norsk-spilleautomaten.com/
Anonym sa…
I proudly recommend the very lucrative site https://syndicate.casino/game/quickfire/MGS-GoldenPrincess-FeatureSlot/ .