Søndag

Eg vaknar,
og det er søndag,

kaffitraktaren og avispapiret
spreier søndagslukta
i heile heimen
og sjela,

ein heilt open og ny
dag ligg i fanget
og pustar,

det er
søndag,
og eg har høve til å gjera
alt no,
alt det eg så gjerne vil,
no er det tid og
ledig plass i meg til
avisene, essaya, dikta, romanane, jogginga,
turgåinga, stjernekikkinga,
og ikkje minst skrivinga,

men det er søndag,
også på det viset
at etter kvart som timane går
og lyset blir mørkare,
så tek noko til å leva i meg,
noko uroleg som graviterer
nedover og innover,
det er tyngdekrafta
frå måndagen som tek til
å trekka i meg,
det er vissa om at
åndsvesenet berre har kort
tid igjen i relativ
fridom
før det igjen
må underlegga seg logikken
i arbeidsmarknaden,
der tankekrafta er ei
vare som skal brukast for å
nå heilt spesifikke mål,
og all evne ein har til å
skapa, blir irrelevant så
lenge det som blir skapt, ikkje
er eit produkt som
appellerer til kundane,
forbrukarane, dei avmektige mektige.

Eg kjempar imot
dragsuget,
for desse timane er mine,
det er dei som er no, og ikkje i morgon,
måndagen står på eigne bein,
som dagen i dag også gjer det,
så gje meg konsentrasjonen min
tilbake, gje meg fred og ro, la meg vera her,
i dette rommet der eg berre er meg,
ikkje kjøpt og betalt,
ikkje marknadstilpassa, framoverlent
og struttande full av attraktiv arbeidskraft,

men meg som er ånd og sjel,
som kastar seg rundt i kroppen
med eit begjær
etter fleire tankar, fleire kjensler,
meir kjærleik, nærleik, venleik,
klokskap,
djupare og vidare,
utover til alle
levande medvesen,
nedover til røtene,
bakover i historia og
framover i tida,
nærare menneska
som medmenneske,
ikkje som identitetsberande
forbrukarar og straumlinjeforma
tenesteleverandørar,

det er søndag,
velsigna søndag,
og eg forstår at nokon
vil ta livet av kviledagen,
for han står der så open,
han gjer meg så naken,
at eg blir redd,
at eg blir heilt
fullstendig levande.

Kommentarer

Kenneth sa…
En liste over den beste casinoprogramvaren finner du her, følg lenken for å finne ut mer Norske-casino.eu/kasinospill/programvare