Agape

Kjærleik er.
Det veit me jo.

Me som er meir enn kjøt og blod.
Det veit me også.
Me er dette som er stort i oss,
rundt oss, mellom oss.

Ånd, kan ein kalla det,
om ein bruker bokstavar.

Men tusen andre uttrykksformer
er meir presise.

Det er dette,
ånd og kjærleik,
det vedunderlege,
me skulle leva i.

Dette som er større enn oss,
umogleg å kontrollera,
og som må vera slik,
for å vera som det er.

Nokon vil likevel
fanga og forstå det.

Dei rammar det inn i religionar,
i system med truande og vantru,
makt og avmakt.

Eit kvart skilje menneska set opp
mellom seg,
hindrar flaumen av kjærleik
som kunne ha runne mellom dei.

Kjærleiken
lyser opp mørket
forkastar dårskap
hatar hykleriet
lindrar smerta.

Kjærleiken
er utan begjær
for han er alt.

Kjærleiken
gjev
rører
nærer
er.

Å!
Elsk, då!

Kommentarer

Anonym sa…
Lucky Club Review - Live Dealer Casino Site
Lucky Club is a luckyclub new gambling operator with a proven track record. This casino site is the best option in the iGaming industry for players to play  Rating: 5 · ‎Review by LuckyClub.live