Jentefest

Du har ein invitasjon, seier Facebook.

Kjekt, det er alltid gildt å bli invitert, seier eg.

Ein invitasjon til jentefest, seier Facebook.

Då seier eg:

Kva?

Jentefest, gjentek Facebook. 

Kvifor det?

Eg veit ikkje, seier Facebook, for ingen har mata algoritmen med svaret eg er på jakt etter. 

Eg må tenka meg om, for noko i meg reagerer, og eg håper at det som reagerer, er rasjonelt, for eg ønskjer å vera rasjonell. (Eg liker å vera emosjonell også, men alt til si tid, rasjonelle argument er eit meir solid fundament enn emosjonar om ein skal grunngje ein aversjon.)

Tolkningsalternativ:

1.
Her er det kvinner som nyt godt av kvinnefrigjering ved å ha fått same rettar og pliktar som menn, men som framleis held fast på at av og til, så må me berre vera kvinner. For det å vera kvinne er visstnok så annleis frå det å vera mann, at me må legga band på kven me eigentleg, er når det andre kjønnet er der. Jentefest som konsept er dermed ei vedkjenning av at me framleis ikkje er heilt frie så lenge menn er der. Festen blir ein manifestasjon av undertrykkinga, orkestrert av oss sjølve.

2.
Ein har eit syn på kjønn som tilseier at kvinner skulle ha ønske om å snakka om heilt andre ting enn det menn snakkar om. Dette er kan hende heilt sant i kjønnskonservative kretsar der medlemmane manglar danninga som gjev tilgang til kjønnsoverskridande samtaleemne. Der snakkar kvinnene om det dei er vane med at kvinner snakkar om, medan menn snakkar om det som samsvarer med det dei har fått prenta inn at er maskulint. Dette er fantasilaust og avgrensande, og ved å halda fram med å arrangara jentefestar, dyrkar ein vidare denne forståinga av at interesser og samtaleemne er kjønnspesifikke. Slik set ein grenser for seg sjølv, og ein set grenser for gutane (eller mennene som me seier om vaksne folk. Eg foreslår at me også sluttar å kalla oss sjølve for jenter i tide og utide, me gjer det visst gjerne til me har passert 60 år, når me trass alt er vaksne kvinner. Kva er det som er så gale med å vera vaksen? Eg skammar meg ikkje. Eg er kvinne, og eg lengtar ikkje tilbake til tida då eg var mindre klok, meir usikker, lettare å vippa av pinnen, lettare å manipulera osv.)

Om eit samtaleemne er intellektuelt stimulerande, klokt, vakkert, eller har andre kvalitetar som det er verdt å dyrka, har det same funksjon for begge kjønn dersom representantane for kjønnet er opne og interesserte i det som vedkjem mennesket. Det er slikt eg vil snakka om. Eg ønskjer å omgje meg med kvinner og menn, eller menneske som eg liker å sjå dei som, som kan snakka om slikt som er verdefullt utanfor kjønnskontekstar, og som er opne for å lytta til erfaringar som dei sjølve ikkje har hatt, og som dei kanskje er oppdregne til å tolka som tilhøyrande det motsette kjønnet, men som likevel vedkjem dei fordi det vedkjem mennesket. Dermed kan alt frå barnefødslar til bilar bli fullverdige samtaleemne i ein kvar kontekst, om samtalepartane veit å sjå seg som menneske, og ikkje som kjønn. Om ein seier at noko er kvinnesnakk og anna er mannesnakk, seier ein til halvparten av folka på jorda at dei ikkje skal interessera seg for emnet. Det gjer oss ikkje klokare, og det gjer oss ikkje friare til å utfalda oss som individ.

3.
Om menneska er så slitsame for kvarandre at dei må bruka kjønn som unnskyldning for å tilbringa tid kvar for seg, då har dei truleg eit problem som dei ikkje vil sjå i auga. For det er ikkje menn som er problemet om ein som kvinne ønskjer seg ein fest utan menn.

Det er anten ein sjølv i møte med menn som er problemet, at ein på eit eller anna vis går ut frå at det ein sjølv er interessert i, ikkje er interssant for den andre, noko som kan koma av dårleg sjølvtillit. Det kan også har rot i sjølvinsikt, for kanskje snakkar ein faktisk keisamt og kjønnspesifikt. Om ein ikkje har noko interessant å snakka om som kan interessera på tvers av kjønn, bør ein utvikla tankelivet sitt, til beste for seg sjølv, menneska ein lever med, og samfunnet.

Det kan også henda at mennene ein har møtt, møter ein som kvinne og berre som det, noko som avgrensar ein og gjer konversasjonen keisam. I så tilfelle er det på tide å krevja plass som menneske, ikkje berre som eit kjønna vesen. 

4.
Ein går ut frå at alle kontekstar der kjønn blir blanda, må innebera flørting og sjekking. Dette er i så tilfelle eit resultat av eit avgrensande, slitsamt og fryktbasert (i tilfelle sjalusi) menneskesyn. Ein lar den seksuelle identiteten overskygga alt det andre ein er. Triste greier. 

Uansett tolking (lista er ikkje uttømmande):

Segregering har aldri vore ein god idé. (Siter meg gjerne på dette.)


Kommentarer