Ein øl slår krøll på seg

Eit essay som krev uavbroten merksemd under lesing, om det framleis finst.


Her sit eg med eit ølglas i handa, gult lys rundt meg og folk som snakkar. Eg ser inn i glaset og prøver å sjå meg sjølv der inne, det er mykje å sjå, særleg når ein nærmar seg botnen.

Eg er eit menneske, kva no enn det er for noko, ein biologisk konstruksjon som blei til fordi eit egg og ei sædcelle fann kvarandre i magen til mor mi og laga seg byggesteinar av maten ho åt då eg var der inne,

eg blei til av kjøtkaker, poteter, torsk,

sakte,

men sikkert blei dei ørsmå bitane til ein personlegdom,

det blei ikkje kven som helst, det blei faktisk meg,

og ein kan jo sjå at eg er forskjellig frå deg, kvifor var det du som blei slik, og eg som blei slik?

Biologien,

kan ein seia, sjølv om ein forstår forsvinnande lite av han, så er han i alle fall noko å svara,
og han kan då i det minste forklara kvifor huda mi ikkje er som huda di,

men om ein skal seia at biologien forklarer kvifor hjernen min ikkje tenker som hjerne din, då blir ikkje svaret stort nok, det synest eg, kan hende synest du noko anna, og kvifor det?

Ein må inn i sosiologi, psykologi, sosialantropologi og så bortetter for å finna svar på kvifor dette skrukkete organet,

som lever av mjølkesyrebakterier og druesukker,
og som lagar koplingar som eg ikkje har høve til å forstå, men som likevel er alt eg har å forstå verda og meg sjølv med,

kjem til konklusjonar som skil seg frå dine.

Innanfrå celleklumpen stiller eg spørsmål om celleklumpen,

som til tider erklærer at han tenker fritt,

men som til andre tider kjenner seg som ein slave av syklusar og kjemiske prosessar, til dømes mangel på lys, som herjar i han,

og det er då ein må seia til eg sjølv at tanken er fri, sjå her, eg kan ta meg ein joggetur, noko som utløyser endorfin som gjer meg glad, og slik tek eg kontroll,

men kven er denne instansen som tek kontroll, er det ein eigen instans eller er det berre ein del av biologien som tek kontroll over seg sjølv,

eller skal ein begynna å operera med andre omgrep, skal ein kalla det sjel, kva er sjel då,

ein kan sjå på bilde av hjernen og sjå at no lyste det der gitt, og no var det aktivitet der borte, ja vel, er dette sjela i maskineriet,

nei, sjela seier meg at ho ikkje vil bli målt slik, ho vil vera usynleg og berre manifestera seg gjennom det ho skaper, dette krev ho, elles slår ho seg vrang, og om eg seier til ho at ho har å halda seg til fysiske, biologiske og kjemiske lover, då flyg ho av garde og seier at no kan eg sjå korleis eg klarer meg utan ho, meir vil ho ikkje seia om den saka,

men kva med ånd då, er det noko anna enn sjel, er det kan hende ei samling av sjeler som snakkar saman ved hjelp av språka som blir brukt i det kollektive åndslivet, og som strekk seg gjennom tida og over sjø og land?

Er ånd noko som bind oss som menneske saman,
eller finst det ånd i heile verdsaltet, er det dette som får trea til å strekka seg mot himmelen, som får maur til å bygga maurtuer, det som får meg til å bli glad av å ta på barken til eit tre?

Kva er det som får oss til å bli dette vakre som me er, dette brutale, dette stadig levande,

og kva skal ein med å grubla på det eigentleg, kjem ein noko vidare?
Ein skal jo berre fungera i større og mindre grupper der ein er lært opp til å utfalda seg i samsvar med sosiale konvensjonar,

dette går relativt knirkefritt fordi alle er einige om nokon grunnverdiar som blei innpoda i oss gjennom oppveksten, at du er du og du duger, og at ein til ein viss grad må samarbeida og bidra, alt dette har me lært,

så når me møtest, og me saman utgjer eit samfunn, så tek me vare på kvarandre på eit vis, i større eller mindre grad, i stadig mindre kanskje,

nei, ein må ikkje vera pessimist, det er mykje som går betre, er det ikkje, om ein leiter med lys og lykte,

sjå til dømes på grådigheita som er ei drivkraft i alle, som me er nøydde til å ha for å kunna få nok mat til å overleva, den har me regulert og fanga i systemet slik at samfunnet vårt ikkje har så veldig mange undertrykte,

men til gjengjeld undertrykker me andre samfunn, og me blir opprørte når desse andre begynner å flyta inn i det som me meiner at er vårt, for det var ikkje slik det skulle vera,

det er klart det blir vanskeleg, desse har jo lært andre ting enn det me har, og dei vil at ting skal fungera på andre måtar fordi det måtte fungera annleis der dei kom frå, der ressursane og fordelingsnøklane ikkje var som her,

og ser ein nærare på sitt eige samfunn, er ein også internt svært lite einige om svært mykje,

nei, det er ikkje lett å få menneska til å fungera saman, sjølv ikkje i små grupper,

kan hende derfor er det ganske mange som tyr til religionar for å gje det heile eit skin av mål, meining og struktur,

dei innordnar seg i system av sosial kontroll der ein postulerer at ein forstår noko høgare enn seg sjølv saman, at ein høgare vilje har manifestert seg og sagt at sånn skal de handla og sånn skal de ikkje handla,

problemet er berre at denne instansen viser seg gjennom menneske som får stor makt over dei som vel å underordna seg,

slikt kan eg ikkje gå med på,
men eg går nok med på mykje anna for å vera ein del av det eg er ein del av,
blind som eg er for føresetnadane som ligg til grunn for blikket eg kastar på menneska kring meg.

Men kva er me då, kva er me?

Eg veit ikkje, må eg verkeleg vita?

Kan eg ikkje berre få vera ein kropp som strekk seg etter det han treng for å halda seg sjølv i live,

og går det ut over andre, så skapar ein seg illusjonar der ein får seg til å tru at det ikkje gjer det, slik at eg kan halda fram å sjå meg som eit godt menneske, for det vil eg av ein ein eller annan grunn vera, og kvifor vil deg det då,

eg veit ikkje, kan hende fordi eg opplever kjærleik som noko ein bør dyrka, men kvifor er det det då, fordi eg erfarer det som godt, men det er jo berre den subjektive erfaringa mi,

rett nok er det mange som fortel at dei erfarer det same, om det no er biologien, kjemien, sjela, ånda eller kollektivet som har drive fram denne konklusjonen,

elsk! seier eg imperativt utan å ha teke vegen gjennom heile filosofihistoria for å koma fram til det,

men søren heller, kor mykje skal ein krevja av seg sjølv, ein ser berre det ein ser, og tenker berre det koplingane i hjernen gjev rom for,

rett nok kan ein fylla auga og dermed også hjernen med slutningar andre har slutta, og slik forstå ganske mykje,

men det vil alltid vera blindsoner, for ein er fanga i ein kropp i ei tid i eit rom,

og no trur eg berre at eg skal drikka denne ølen, eg skal smila til deg og deg, og me skal drøsa, slik me har lært oss å drøsa, og så skal me ha det triveleg i desse kroppane våre og venta på døden lengst mogleg, medan me tenker minst mogleg på han, for me er alle noko som skal gå i oppløysing,

men det me består av, skal ikkje forsvinna, det er kan hende ei trøyst, men kva skjer med den instansen som blir opplevd som meg, blir han spreidd for alle vindar, blir det litt meg i ein jordklump, i eit tre, i ei sky,

akk! dette medvitet altså,

det gjev oss mykje å bala med, men eg synest me skal utforska det likevel, det er liksom det som gjer livet meir spanande enn det eg går ut frå at livet til ein maur er,

eg synest me skal våga å dyrka ånd og det me opplever som vakkert, køyr på, sjå kva som skjer, nett no opplever eg denne ølen som god, og her tek eg ein pause.

Kommentarer