Kroppen snakkar


Ein mann sit avkledd i ein stol i stova,
og fortel meg at kropp berre er kropp.

Eg spør om det er sant.
Nei, seier kroppen.

Men det stemmer at eg er kropp,
berre ikkje «berre»,

om du med «kropp» meiner
ei samling forunderlege funksjonar,
ein stjernehimmel av nerveceller,
eit hav av blod,
og bekkar av rennande vatn.

Eg er også
eit tempel som ingen må få krenka eller øydelegga,
ein bustad for sjel og ånd, men også
ein einskap saman med desse,
ein del av jorda som kjem frå og blir til jord,
eit ørliten bit av universet,

ein stumtenar for identitetsmarkørar,
eit språk som er forma av kjønn og klasse,
ei kampsone,
eit objekt for erobring,

ein skjør balanse,
eit berar av latent smerte,
eit memento mori,

ein sanseportal,
eit ekstasepotensial,
eit fartøy for kjærleiken,

Alt dette som du aldri fullt ut kjem til å forstå,
det er eg!

Tunga mi seier dette til mannen,

i det minste så mykje som eg kan seia
på språket me snakkar saman.

Så kler eg kroppen naken.

Kommentarer