Pusten


Hald fram med å pusta, utan hakking, utan motstand,

inn og ut,

slik ein har gjort heilt av seg sjølv så lenge ein har vore seg sjølv.

Om musklane kring magesekken ikkje utvidar seg, om diafragma blir stoppa av stein,

så er det ei vrangførestilling, det stemmer rett og slett ikkje, for kroppen vil pusta,

han er livskraft,

han har reist seg opp av jorda, trassa tyngdekrafta, han bygger seg opp på nytt og på nytt idet atom blir til molekyl som blir til celler som blir vev, nerver, bein, blod.

Kva er det då som ikkje vil pusta som kroppen vil,

ei kjensle, eit trykk, eit ordlaust fenomen, ei skugge,

noko som har samla seg der inne i dei dunkle hjernegangane, slagg som har lagt seg lag på lag og som no, brått, krev merksemd.

Det er individet som lir, denne konstruksjonen som er utskild frå kollektivet, som har det vondt med seg sjølv fordi det manglar kontroll,

samstundes som det stadig blir fortalt

at det er mogleg å ha kontroll over personlegdomen, retninga, målet,

om ein berre vil,

er ein fri,

ei tung, tung vekt å bera,

seg sjølv,

for dette sjølvet skal bli så stort, det skal bli realisert, som om det låg noko i det, nett som eit jordbær ligg i det mikroskopiske frøet, slik ligg advokaten, politikaren, legen og musikaren,
latent i cellene ein er fødd med,

ein må knekka sin eigen kode, finna ut kva ein eigentleg, eigentleg er,

autensitet,

eit uttrykk ein kan nå om ein klistrar på seg dei rette identitetsmarkørane,

som om det er i samsvar med noko som alltid har vore der,

men det finst ikkje noko eintydig svar der inne,
ein blei ikkje fødd med bokstavar på innsida,

ein er eit samspel med anna liv,

ikkje fødd med meining,

men ei meining blir forma for ein om ein ikkje sjølv grip dei ytre trådane og flettar dei saman med eigne hender, noko som krev vilje, og ei visse om at fasit, det er der ikkje, men skaparkraft, det er,

for livet er biologisk, og det er kognitivt, emosjonelt, åndeleg,

og i alle desse aspekta har livet eit veksande vesen,

heilt til det snur ryggen til seg sjølv og døyr,

men før den tid, lever ein, som treet som ikkje kan gjera anna enn å strekka seg, kan heller ikkje mennesket gjera anna enn å utfalda seg ut i tid, rom og tanke,

den tida det har fått fysisk form,

ho er kort,

berre ein liten augneblink er denne oppsamlinga av biologisk materiale til,

berre nett no er det som mor di åt då ho var gravid, mjølka ho drakk og kjøttkakene ho hadde til søndagsmiddag, som kom frå dyra som gjekk på beite og åt gras, ei samansetting av mellom anna avføringa frå meitemark,

nett no er desse koplingane gjort moglege, og snart, veldig snart, men det er også uendeleg lenge til, for det er så langt som ein kan sjå seg sjølv,

vil ein løysa seg opp, bli til nedbrote, biologisk materiale og gass som blir eitt med jorda og lufta, det er berre no livet viser seg og sansar seg sjølv som den ein er,

straks skal det visa seg på andre måtar,
derfor skal ein pusta, utan steinar i magen eller usynlege tau som snører brystet saman,

sjå, det er dette me er,

me er.

Kommentarer

Anonym sa…
Du kan få sagt det! Fantastisk!