Fortolkingsvitskapleg analyse: Blikket



Blikket blir kasta
frå andre sida av utestaden
med krafta til ei riviningskule.
Det treffer meg midt i pupillane
og flettar seg saman med synsnervene mine.

Blikket kan bety alt eller ingenting,
absolutt null, niks eller nada.
Det kan få livet til å gå i spinn eller tusen knas,
det kan ta av med rakettfart
eller falla pladask på asfalten.

Auga
snakkar alle språk.
The eyes speaks every language.

Ö
gon talar alla språk.
Les yeux parle
nt toutes les langues.
Men kultur- og individspesifikke nyansar
gjer tolkingsmetodikken
til ein finurleg vitskap
som kan føra ein inn i kontraktsforhold
ein ikkje visste at ein var i ferd med å inngå.
Eg grip til mitt eige språk
det eg kan flytande
og som liknar dialekten
til dei til dei andre innfødde på puben

Blikket har no flytta seg vidare,
og slukar andre menneskebilde,
men det sit framleis att som eit brennmerke på netthinna mi.
Eg undersøker det nærare.
Det kan ha vore eit blikk som slett ikkje var vendt utover,
men innover i tankeverda til avsendaren,
der det kanskje såg på ei anna kvinne,
ei som var borte,
og som absolutt burde ha vore der ifølgje sjåaren sjølv.
I så tilfelle blei blikket berre tilfeldigvis hengande fast i mitt,
og eg kan ha vore heilt usynleg.
Det ville ikkje ha vore fyrste gongen.
Nei, slik var det ikkje, seier eg bestemt til meg sjølv.
Det må ha vore noko meir! erklærer eg.
Men på kva grunnlag?

Kjenslene mine,
eit i høgste grad risikabelt fortolkingsverktøy
utan verdi utanfor meg sjølv
fordi det i utgangspunktet
ikkje er meir enn ein projeksjon av det eg inst inne skulle ønska,

at eg ville bli sett på med eit blikk som dette,
eit blikk som ville meg, meg, meg noko,

meg av alle i dette mylderet av menneske
som ønskjer seg det same!

Det kan ha vore eit fiskestong-blikk
som blei kasta ut for å fanga småfisk og storfisk
i eit garn som skal halda fisken ei natt
for så å gå i oppløysing att
eit møte mellom to stykke med sensitiv hud
og fastspent kjøt
som ønskjer ei rask forløysing
som ikkje er tynga
av tanken på tider som kjem,
men som svever i ein fri,
intens og sjølvdesktruktiv augneblink.

Var blikket som trefte meg eit slikt blikk,
er det truleg også blitt kasta ut på andre sida av båten,
i elva der kroppar flyt i straumen av øl og brennevin.

No er det min tur til å nappa
og bli trekt opp på land og inn i natta,
eller til å forkasta agnet
fordi ikkje har dei rette fargane
og så symja forbi fiskaren utan fiskelykke
med nonchalant havfrueleganse.

Men kva om blikket vil meir enn å fanga og gje slepp.
Kva om det vil inn,
ikkje berre inn i kroppen,
men under huda,
inn i nerver og hjarterøter,

kan ein lesa alt dette inn
i eitt einaste blikk,
inn i ei bevegelse med augemusklane,
ei innhenting av lys,

kan ein, kan ein seia at ein såg det med fyrste blikk,
kan blikket bli blikket ein møter og møter,

kan det,
kan ein snakka så djupt og inderleg med nokon
utan eitt einaste ord?

Nei, no har eg drukke og drukna meg i eigne tankar,
i ei eventyrverd
oppkonstruert av ein kultur
som dyrkar luftslott fordi marknaden etterspør slikt,

eit blikk,
det er berre eit blikk,
ein må nærma seg blikket,
snakka til det,
fyrst då finn ein ut kva det var det sa,

eg drikk og drikk til blæra blir så full at eg må tissa,
og på vegen må eg passera blikksendaren,

kva gjer eg då tru,
kastar eg eit nytt blikk,
fangar han det då,
kva språk tolkar han det på,
omset han blikket til ord, til handling,
til alt,

eg reiser meg,
rettar på skjørtet,
og går, går og går han i møte.

Kommentarer