Kunsten å bli avvist
1. Oppdag nokon
2. Nærma deg nokon
3. Ha det gøy med
nokon
4. Opna deg for
nokon
5. Sjå for deg ei
framtid med nokon
6. Bli avvist av
nokon
7. Bli lei deg/sint
på nokon
8. Tenk at du aldri
igjen skal nærma deg nokon
9. Overbevis deg
sjølv om at du har det fint utan nokon
10. Oppdag nokon
11. Nærma deg nokon
12. Ha det gøy med
nokon
13. Opna deg for
nokon
14. Sjå for deg ei
framtid med nokon
15. Innsjå at du
snart kjem til å bli avvist av nokon
16. Avvis nokon
17. Sei unnskyld når
du blir anklaga for å ha såra nokon
18. Tenk at du aldri
igjen skal nærma deg nokon
19. Overbevis deg
sjølv om at du har det fint utan nokon
20. Oppdag nokon
21. Nærma deg nokon
22. Ha det gøy med
nokon
23. Opna deg for
nokon
24. Sjå for deg ei
framtid med nokon
25. Observer at det
finst menneske som lar vera å avvisa nokon
26. Tenk at dette
også kan gjelda deg og nokon
27. Bli verande hos
nokon
28. Bli avvist av
nokon
Kommentarer