Over for denne gong

Påska er over for i år, som for i fjor, og som for året før, ikkje som jula, for ho er ikkje over for i år, jula er berre over for i år for veldig kort tid av gongen, ei lita veke, så er ho ikkje over for i år, berre for i fjor, men no er altså påska over for i år heilt til 31. desember, og når ein tenker tilbake på årets påske vil ein stor del av oss tenka på fjell og snø, kanskje kvikklønsj og appelsin i solveggen også, om ein er av dei som verkeleg meistrar å leva opp til påskedrauen om lys, liv og kjernesunne aktivitetar for heile familien, for smått og stort i pulk og baksande på ski i susande og livsfarleg fart nedover fjellsida, det er det med driv me, eller, her må eg som så ofte elles skriva meg ut av det store, norske Me, for eg får vondt i hovudet av skarpt sollys når eg blir utsett for det i timesvis, og eg får likfingrar, eller eit anfall av Raynauds fenomen om ein vil gje det eit namn utan å måtta tenka for mykje på døden, dersom det er for kaldt, og for kaldt treng ikkje vera mindre enn null grader, ja, då bli fingrane mine heilt kvite av blodmangel, men det er visst ikkje farleg dette, berre ubehageleg, for ein mister kjensla i fingrane som blir råka, og det er ugunstig om ein skal halda ein skistav, skrella appelsin eller halda rundt eit ratt på veg heim frå Påskefjellet, så eg held meg i det snølause og vårlege låglandet som på kvar ei grein fortel om nytt liv, sjølv om eg sjølv berre blir eldre, så blir livet nyare og nyare kring meg, det går rette vegen, som Jesus ut av grava og opp i himmelen, i himmelen der æva er, ikkje tida, ikkje det lineære og målretta, men det sykliske og paradisiske, der me ikkje skal noko, men berre er, berre dansar visstnok, eller speler på harper, ja, harpeindustrien er av dei største som er der oppe, slik blir det for dei som er frelste, for dei som går i prosesjon på langfredag med kors på ryggen og mollstemte salmer straumande opp frå lungene, mellom stemmebanda og ut i lufta, der me andre, me som til dømes sit på ein benk og berre ser på prosesjonen, som er økumenisk, for det kan ein ta seg råd til på dagar som denne, for dette er alle kristne einige om, nesten alle i alle fall, at Jesus døydde og stod opp att på den tredje dagen og skal koma tilbake for å døma levande og døde, me kan tenka ein tanke eller to i lys av postmodernismen som seier at mykje er fint og flott, til og med tradisjonar, sjølv om dei er konservative, så er dei gode og ha innanfor visse rammer, for rammer, det må ein ha, elles kollapsar det heile, så me som ser på, kan synast at det fint at desse kyrkjesamfunna ber korset gjennom byen, sjølv om dei går rundt og trur at me er fortapte fordi me ikkje trur at ein må vedkjenna seg namnet Jesus, som eit trylleformular definert av ei lang rekke patriarkar i tusenvis av år, for å ikkje ha ei pinefull æve borte frå alt som er godt, borte frå livet, ja, som daudingar, rett og slett, men likevel reiser me oss sutlause frå benken og går for å fylla kroppane våre med mat slik at dei kan halda fram med å halda liv i sjelene våre, og medan me spaserer registrerer me at det er stille rundt oss, for bilane er på fjelltur og pustar fjelluft utanfor hytter med wifi og flatskjermar der menneska har klart å etablera sivilisasjon for å koma bort frå sivilisasjonen, der dei synest at dei lever meir autentisk, i fred og ro, der dei berre sjekkar e-posten to gongar til dagen, og der dei hugsar å smøra seg med solkrem fordi påskesola er farleg, det har dei sagt på radio opptil fleire gongar, ein må passa seg for hudkreft, men ein må også passa seg for mangel på vitamin D og ein gyldenbrun farge i huda, for det er viktig å opparbeida seg denne sosiale markøren som viser at ein har fritid, at ein ikkje er lenka til kontoret sitt, men at ein forvaltar kapitalen frå kontorarbeidet slik at ein ser ut til å vera fri og frisk, ikkje grå og gusten, sjølv om det er det liva våre er på det jamne, i alle fall om ein skal tru dette imperativet som seier, kom deg til påskefjells, elles er du fjols, nei, no er altså påska over for i år som for i fjor, og alle hjarte gler seg til pinse, for då kom den heilage anden som berre eit fåtal trur bokstavleg på, kan hende fleire trur på han om ein kallar han for kjærleiken, men uansett, ein skal feira han, om ein trur på han eller ei, med fri, med ei langhelg til utlandet, ja, det er berre å sjå fram til pinsa no, ho kjem, i år som i fjor og som året før, og så skal også pinsa vera over for i år, og slik kjem det til å gjenta seg heilt til livet er over for denne gong.



Kommentarer