Ein karikatur av ein debatt


Laurdag inviterte Verdikommisjonen til debatt i Kverulantkatedralen i Stavanger. «Verdiforflytninger som følge av folkeforflytninger» var tema, og Hege Storhaug stilte som innleiar.

Utanfor stod ei rekke med representantar frå Nye SoS Rasisme og demonstrerte mot at Hege Storhaug fekk ein talarstol. På innsida var det heilt fullt av folk som ville høyra kva ho hadde å seia. 

Mekka og Medina

Hege Storhaug reiser land og strand rundt og forkynner at islam er den ellevte landeplaga. Slik Arnulf Øverland på 30-talet bidrog til å kjempa fram aksepten for å kritisera kristendommen, fremmar Storhaug at det er på tide å møta islam med kritikk i staden for koseprat.

I innleiinga delte ho muslimar inn i Mekka- og Medina-muslimar. Mekka-muslimane er greie folk. Dei er åndeleg orienterte og tek seg gjerne ei kveldsbøn ved sengekanten. Religionsutøvinga er privatisert og ikkje-invaderande overfor andre.

Usakleg men sant: Det var noko
Twin-Peaks-aktig over scenen.
Medina-muslimar følgjer den linja Muhammad la seg på etter at forlét Mekka. (Frå Store Norske Leksikon: «I Medina fant det nye religionssamfunnet sin form; i tillegg til det religiøse budskapet inneholdt Muhammads forkynnelse fra Medina-perioden lover og forordninger av sosial, juridisk og politisk karakter.») Storhaug skuldar desse muslimane for å dyrka ein totalitær ideologi med innføring av sharia som mål. Ho meiner at denne ideologien lever i beste velgåande i norske moskear. 

Eg kan svært lite om islam og livet i moskeane. Det er derfor vanskeleg for meg å møta dei skumle påstandane hennar med solide argument. Med hovudet fullt av spørsmål såg eg fram til å høyra kva mot-debattantane hadde med seg i den retoriske verktøykassa.

Hyggelege muslimar

Den eine debatt-deltakaren, ved namn Bjørn Vidar Lerøen, fortalde at han hadde vore på besøk hos ein muslim. Der hadde han fått veldig mykje god mat, og praten gjekk så godt at han fekk med seg eit bønneteppe heim.

Var dette meint som eit argument mot påstanden om at islam er ein totalitær ideologi som er på frammarsj i Vesten? Storhaug har også møtt hyggelege muslimar, det fortel ho meir enn gjerne om. Historia til Lerøen bidrog dermed ikkje til anna enn å bygga opp om skiljet mellom Mekka og Medina.

Den same mannen sa også at det er frykteleg at så mange er på flukt. Ja, det er det jo. Men det var neppe eit relevant argument i denne debatten.

Dialog er fint

Det var også ein dialog-prest i panelet, Kian Reme. Han hadde gjort jobben sin og vore i dialog med fleire muslimske leiarar. Det hadde visst vore veldig fint. «Det multikulturelle samfunnet er kome for å bli, og det må ein møta med dialog», var hovudpåstanden hans. Han fortalde også at det var blitt arrangert fotballkampar, og at ingen hadde prøvd å omvenda kvarandre under desse kampane. Flott. Men diverre går heller ikkje dette til kjernen i argumentasjonen til Storhaug. Om eg var leiar i eit trussamfunn som hadde ambisjonar om å få innført sharia i flest mogleg land, er det truleg ikkje det eg ville ha snakka høgast om på eit dialogmøte. Men som dialog-prest kan ein vel ikkje gjera så mykje anna enn å tru på det ein høyrer. Ein kan ikkje krevja at ein prest skal opptre som gravande journalist.

Sjenerøsitet

SV-ar Eirik Faret Sakariassen syntest også det var viktig med dialog, og ikkje minst demokrati. Som med-arrangør av debatten, la han vekt på at han var så glad i ytringsfridomen at han til og med gav Hege Storhaug ein talarstol. Jøss, så storsinna, då! Tenk å invitera ei dame som truleg har fleire lesarar enn SV har veljarar, og som seier ting Sakariassen er veldig ueinig i, til debatt! Ja, her er det berre å applaudera.

Han spurde også om Storhaug ikkje var redd for at argumenta hennar skulle bidra til høgre-ekstremisme. Sakariassen, denne ridderen for ytringsfridomen, ber ho altså om å teia fordi det ho seier kan få negative konsekvensar. Nettopp. Eit fryktbasert debattklima, det er det Noreg treng når ei innvandringsbølgje full av framand kultur me ikkje forstår, skyl over oss.

Den siste deltakaren i panelet, migrasjonshistorikar Ola Kvaløy, skal eg ikkje harselera med. Han fortalde at dei som emigrerte til USA i si tid opplevde stor religionsfridom, og at det var blitt ein god del fleire innvandrarar i Noreg dei siste åra. Greie saksopplysningar dette, som det var heilt naturleg at han bidrog med sidan han fyrst var invitert, men heller ikkje det kan skyta hol i det polariserte skremmebildet til Storhaug.

Om debatten skulle ha gjort meg klokare, burde panelet hatt fleire deltakarar enn Storhaug med reell kjennskap til kva som blir sagt internt i muslimske miljø i Noreg. Det var synd at slike ikkje var til stades, for dei finst, og dei trengst for å balansera debatten.

Kommentarer

Bjørnar sa…
Litt deprimerende å lese dette, Kristine. Det hørtes på forhånd ut til å kunne være en interessant debatt, men synd at Storhaugs ikke ble imøtegått på relevant og saklig grunnlag.

Lars Gule har en av de bedre gjennomgangene jeg har lest av boka, både på konkret, spesifikt nivå og på overordnet nivå: http://www.dagogtid.no/storhaug-er-ein-ukritisk-kritikar/. (Ikke alle er enige i Gules vurdering: http://www.dagogtid.no/islams-eksistens-i-europa/ – bak betalingsmur.) Håper det er mer relevant kritikk enn det som kom fra på Kåkå?

Når det gjelder Storhaug islamkritikk kan det være verdt å ta med seg kritikken av ekstremismen i islam. Den generelle diskursen kunne med fordel vært mye tydeligere i kritikk og avvisning av ekstremisme i alle former, enten denne kommer i form av islamsk/muslimsk, kristen, eller sågar ateistisk, ekstremisme. Det avgjørende blir å skille mellom ekstremismen og religionen/livssynet. Etter det jeg forstår er Storhaug (med rette) kritisk til de ekstreme variantene av islam, men maler med så bred pensel at det meste av muslimsk praksis i Europa framstilles som ekstremt.

Det virker også som at Storhaug med flere mener enhver instans hvor religiøse meninger/verdigrunnlag brukes for å påvirke nasjoners lov er problematisk. (Her får du korrigere meg om jeg tar feil, Kristine.) Europa har selv lang tradisjon for at et kristent verdigrunnlag i større og mindre grad påvirker politikken i nasjonalstater, uten at dette ses på problematisk. Kristne vil også ha store problemer med å legge til side sin religiøse livsanskuelse i møte med hvordan samfunnet bør utformes (inkludert hvordan lover bør utformes). Her må selvsagt alle (både religiøse og ikke-religiøse) holde tunga bent i munnen for å få utforme lover som er informert av religiøse livsanskuelser uten å gripe inn i enkeltborgeres liv unødig. Kikevel er kollisjonen av disse noen gang uungåelig. Spørsmålet om fri abort er et eksempel på en sak som er dypt problematisk for både kristne med et verdigrunnlag som sier at livet blir til ved unnfangelsen og feminister som fremhever at kvinner har rett til å bestemme over sin egen kropp. Poenget med hele dette avsnittet er kanskje at vurderinger av hvorvidt moskeer i Norge er ekstreme ikke kan grunngis ved at de ønsker å påvirke lov med bakgrunn i sin livsanskuelse. Reell ekstremisme i norske moskeer må selvsagt må påpekes og fordømmes, på lik linje med ekstremisme i kristne menigheter og grupperinger. Men å skille hva som er hva er som sagt avgjørende her.

Jeg er ellers interessert i å høre dine vurderinger og tanker rundt Storhaugs påstander og/eller verdensbilde under og i etterkant av Kåkå-møtet, Kristine. :)
Fru K sa…
Eg er einig i at ein kan ta med seg kritikken av ekstremismen. Eg tviler ikkje på at Storhaug har sett, høyrt og lese det ho påstår, men som Gule skriv, kjeldetilfanget kunne nok ha vore breiare. Det var desse balansarande kjeldene debattpanelet diverre ikkje var flinke nok til å bruka.

Eg trur neppe at skiljet mellom Mekka- og Medina-muslimar er så markant som det blir framstilt. Kan hende er det like misvisande som å seia at det finst katolske og protestantiske kristne, og at alle protestantar er fundamentalistar.

Eg får ei kjensle av at ho les Koranen slik ein som er framand for Bibelen, kan koma til å tolka den kristne læra. Ein kan til dømes høyra at ein i Bibelen har fleirkoneri, og at det dermed må vera i tråd med kristen etikk. Dessutan er det mange krigar og mykje vald i Bibelen, ja, så då må det vera slik kristne gjer. Det er slike oppfatningar ein kan bli sittande med om ein les ein religiøs tekst frå perm til perm utan å kjenna tolkingstradisjonane dei religiøse samfunna er bygde på. Men for all del, eg har ikkje lese boka til Storhaug, så kan hende står tolkinga hennar på toppen av ein lang tolkingstradisjon.

Ein av grunnane til at folk lyttar til ho, trass i at argumentasjonen hennar har sterk slagside, er pathoset ho entrar podiet med. Ho startar med å fortelja publikum at ho følte at det hasta å gje ut boka, ja, så mykje hasta det at ho ikkje gjekk vegen utanom dei etablerte forlaga. Dermed imøtegår ho noko av kritikken som har kome mot boka, då nokon meldingar har peika på at det er slurv i ho. Ved å visa til frykta for at noko farleg er i gjære, får ho truverde. Ho får publikum til å tru at ho verkeleg bryr seg. Det ho har sett, med eigne auge, har gjort ho redd. Og kva skulle vel ho ha å vinna på å lura oss? Derfor vel mange å tru på bildet ho viser fram. I tillegg bygger framstillinga hennar på den ibuande frykta med har for det som er framand. Ho gjev oss høve til å seia "ja, det var det eg trudde".

Eg veit ikkje om ho meiner at det er negativt om religiøse verdigrunnalg har innverknad på nasjonale lover. Men eg vil i alle fall tru at ho vil kritisera det om religøse overtydingar får ein til å bryta menneskerettane då dette er fokuset til tenketanken hennar.

Det vil ikkje vera kontroversielt om muslimar ønskjer at lover skal vera utforma i samsvar med trua. Dei trur jo, i likskap med kristne, at reglane er gjevne dei av ein Gud som veit best. Det er ikkje ekstremisme å tru at reglane ein følgjer, er gode. Men om eit religiøst miljø ikkje godtek at det er i mindretal i landet, og dermed vil bruka andre enn demokratiske midlar for å nå måla sine, då er det fare på ferde. Det same gjeld om ein religiøs majoritet tvinger minoritetar til å følgja lover som bryt med menneskerettane til minoritetane.

For at ein skal godta eit abortforbod, må ein ha som føresetnad at eit foster er eit fullverdig menneske som ein ikkje skal ta livet av, og at ein dermed bryt menneskerettane om ein tek livet av det. Det kan ein seia uavhengig av livssyn, men dei fleste som har dette synet, grunngjev det med at mennesket er skapt av Gud, i hans bilde. Dei som ikkje har eit slikt syn på menneskelivet, vil på den andre sida kunnna sjå eit abortforbod som eit overgrep mot menneskerettane til kvinnene som blir tvungne til å la fosteret bli til eit barn dei aldri ønskte seg. Dagens abortlov er derfor eit godt døme på kvifor ein ikkje bør la eit religiøst verdigrunnlag ligga til grunn. For dei som ikkje trur på Gud på den måten ein del kristne gjer, vil ei slik lov vera eit overgrep. Då er det betre at religionsfridomen tillet kristne å forkynna det synet dei har, slik at individet kan få høve til å ta det valet det ønskjer. Det er jo ikkje slik at alle kvinner er nøydde til å ta abort, men dei har fridomen til å gjera det om dei meiner det er rett.

Harrah's Resort Casino - Mapyro
Get directions, reviews and information for Harrah's Resort Casino in 동해 출장마사지 Valley Center, CA. Resort Fees: 인천광역 출장샵 Expensive Resort 정읍 출장안마 Credit: Valet Parking; Room 평택 출장안마 Service 문경 출장샵