Sjelevandring
hoppa sjela ut av munnen på eit
utpust. 
Kroppen blei ståande med alle sine kjemiske reaksjonar og fysiske
reglar, 
mens sjela på suicidalt vis styrta ned mot grasplenen. 
Men akkurat idet alle som ikkje kunne sjå ho, 
trudde at dette var slutten, 
skaut ho med rakettfart av garde mot nord, sør, aust og vest. 
Ho eig ikkje skam denne sjela, 
for den fyrste ho besøkte 
var ein mann med buksa nede 
og blikket festa på eit bilde 
av ei han kjende ei natt. 
Idet kreftene blei frigjorde 
smilte sjela saman med han 
og fór ut gjennom baderomsvifta. 
Hjå naboen snubla ho i ein leikebil 
medan ei kvinne ropte «et opp!» for siste gong 
og ein liten kar tok til tårene 
fordi mora slett ikkje forstod 
kor vondt ei potet kunne smaka. 
Han smelte døra til rommet sitt bak seg 
og kasta seg på senga. 
Sjela ville, men kunne ikkje, 
trøysta dei begge, 
så ho smaug seg ut gjennom ei glipe i barneromsvindauget. 
Ho dansa mellom flagrande, nakne greiner i skogen. 
Under ho gjekk to kvinner i allvêrsjakker
med armane svingande taktfast langs sida. 
«Det der seier ein rett og slett ikkje!», 
sa den eine, 
og den andre sa «nei, ikkje sant!»
Eit ekorn hoppa frå ei tynn grein til ei tynnare grein 
og fire kråker letta samstundes. 
Eit dragsug tok fatt i sjela. 
Sjølv ikkje trea kunne halda ho fast. 
Brått var ho i eit kvitt og gjennomborande lys 
som gjorde alle til manglande vesen. 
Dei kledde av seg 
bak tjukke forheng 
og tok på seg noko anna. 
Dei prøvde å smila til seg sjølve i speglane, 
men der fekk dei auge på ein flekk med feil farge, 
og smilet rann ned på golvet mellom beina deira.
Sjela sleit seg laus 
og landa i ein sofa av svart skinn. 
Blått lys strålte ut i rommet. 
Ei kvinne låg med hovudet i fanget til ein mann. 
Han såg på ein stor skjerm på veggen, 
og auga hennar glei over tekstbitar og bilde 
som ho sveipa oppover handa si. 
Mannen la fingertuppane på hofta hennar, 
og ho spurde kva han hadde gjort i dag. 
Kroppen var frosen og blaut der han stod, 
men då sjela trengde seg inn i han igjen, 
fekk ho hjartet til å slå jamnt og tungt med vekta av alt det ho
hadde sett. 
«Dette er fleirsemda», 
kviskra ho inn i merg og bein. 
Kommentarer