Om tenking

Teksten har vore på trykk i Tankar-spalta til Jærbladet


Dei djupe tankane lever ikkje før tenkaren har tid til å gå sakte. Om denne påstanden stemmer, er det dårlege nyhende for oss.

Tida vår går ikkje sakte. Ho rasar av garde i tusenvis av bitar. Ho er blitt ei slik mangelvare at ein må spinka og spara på ho for å få nok til å møta seg sjølv på ein yogatime ein gong i månaden.

I skrivande stund har eg rive meg laus frå verdsveven. Det er ei luksuskjensle. Eg sit her. Heilt aleine. Ingen snakkar til meg frå Facebook, ingen nettaviser krev at eg følgjer med på verda. Det er stille. Eg treng ikkje respondera på andre tankar enn dei som oppstår i hovudet mitt. No kan eg lytta. No kan eg skriva og skapa samanhengande resonnement.

Eg treng dei lange tankane for å halde meg vaken. Eg treng dei for å justera kursen, både som individ og som del av eit kollektiv. Det er nok av spørsmål som treng svar av oss. Er samfunnet på veg ein stad me ikkje burde gå? Lever eg på ein måte som øydelegg for andre? Øydelegg eg meg sjølv om eg held fram som dette? Kva er vakkert? Kva er godt? Kvar finn eg det?

Tankar er livsnødvendige for oss. Tankar må tenkast, delast og drøftast for å bli klokast mogleg.

Får ikkje tankane tid og rom, går det med oss som det gjer med andre tankelause.

Kommentarer