Augneblinken som sosialt verktøy

Tidlegare publisert i Tankar-spalta til Jærbladet
 

Augneblinken har skifta karakter. Tidlegare var ein augneblink den tida ein var i, korkje meir eller mindre, eller ein flik av æva for den som trur på slikt.

No er augneblinkane blitt noko meir, eller mindre, alt etter korleis ein ser det. Eg vil nok helst seia at dei er blitt øydelagde.

Her vil eg noko unyansert legga skulda på mobilkamera. Dei har gjort alle til fotografar. Alltid. Idet ein blir ein fotograf, ein tilskodar, gjer ein dei andre menneska i augneblinken til objekt. Ein stiller seg utanfor situasjonen og blir eit subjekt som har eit anna mål enn å vera til stades på lik linje med dei andre.

Når ein publiserer bilde av augneblinken på eit eller anna (u)sosialt medium, blir målet med augneblinken noko anna enn å vera til stades. Ein tek til å eksistera på premissane til verdsveven.

Kvar gong noko blir publisert, ber ein hundrevis av følgjarar eller såkalla venar om å bli sett, og ein tryglar om å få ein respons frå nettverket sitt om at det ein har gjort, er prisverdig. Sjå kven eg er i lag med, er dei ikkje flotte? Sjå kvar eg er, er eg ikkje tøff? Slik blir augneblinken eit middel for å skapa seg eit sjølvbilde som blir likt av andre.

Dette opplever eg som øydeleggande for samhandlinga mellom menneska. Ein gjer kvarandre til objekt for sjølvrealisering i eit gigantisk sosialt nettverk. Det er ikkje slik ein burde nærma seg kvarandre som to eller fleire sårbare, menneskelege subjekt. Det er ikkje slik ein tek vare på den tilmålte tida ein har saman.

Kommentarer

Hans Arild sa…
Dette er eg så ufatteleg samd i! At eg ikkje er på Instagram og svært sjeldan legg ut noko på facebook, er ein stille protest herifrå.