Å eta med pinnar

Teksten er tidlegare publisert i Tankar-spalta til Jærbladet


Eg har nett flytta. I flyttinga forsvann dei fleste gaflane mine. Eg liker ikkje å bruka tida mi i butikkar, så enn så lenge lever eg med veldig få gaflar.

Heldigvis har eg nok av pinnar.

Det er radikalt annleis å eta med pinnar.

Ein gaffel får plass til mykje mat. Ein kan knørva saman alt mogleg og mosa det inn i munnen. Effektiv eting.


Det er plass til mindre mat mellom dei to pinnane. Særskild når pinnane blir manøvrerte av så uøvde fingrar som mine.

Dermed blir eg tvungen til å eta sakte. Måltidet endrar karakter frå noko eg berre må få gjort, til noko som tek den tida det tek.


Pinnane skaper rom for refleksjon. Eg registrerer kva som kjem inn i munnen min. Her kjem ein bit brokkoli. Her kjem gulrot. Og her kjem ei kikert, om eg berre får tak i ho. Velkomen inn i meg.

Ein kan bli svimmel og ør i hovudet av å tenka på kva som faktisk skjer når ein et. Biologisk materiale som har vekse opp av jorda, som eit resultat av at tilstrekkeleg med næring, vatn og lys har vore til stades, blir ein del av meg. Så neste gong eg tenkjer ein tanke, kan det henda at kikerta er ein del av dei biologiske og kjemiske prosessane som skal til for at eg skal kunna tenka den tanken.

Eg har ikkje tenkt å kjøpa meg fleire gaflar med det fyrste.

Kommentarer