Om godheit

(Frk. K har skrive i Tankar-spalta til Jærbladet dei siste vekene. Ho kjem til å publisera tekstane på bloggen, sidan ikkje alle lesarane hennar også les lokalavisa på Jæren.)


Eit par enkle tips til den som vil framstå som eit godt menneske: Kjøp rettferdige, brukte og økologiske varer, og et mindre kjøt.

Eg gjer alt dette. Altså er eg god.

Nei, her gjer eg meg villig til eit offer for ei feilslutning.

Handlingane mine inngår i komplekse samspel der det er vanskeleg å påvisa at ei handling er utelukkande god, sjølv om dei som marknadsfører produkta, vil ha oss til å tru det. Målet deira er ikkje å redda verda, det er å tena pengar.

Forbrukaren sin grad av godheit, kan koma an på auga som ser. Nokon argumenterer for at forbruk i seg sjølv er eit gode, andre ropar høgt kvar gong nokon påstår at økologisk landbruk er betre enn det konvensjonelle.

Den viktigaste effekten av vala i fyrste avsnitt, er at eg kjøper meg fri frå dårleg samvit. Som vinnar i verdslotteriet føler eg at eg skuldar dei som er fødde i mindre privilegerte land, å bøta på urettferda på ein eller annan måte. Det kan eg gjera ved å velja litt dyrare og litt meir kompliserte løysingar som forbrukar.

Dermed blir vala mine symbolske og egoistisk motiverte. Skal ein då ikkje gjera noko? Skal eg bruka og kasta, leva utelukkande på ressurskrevjande kjøt og velja bort dei påstått snille daglegvarene?

Eg kjem ikkje lenger enn til svaret «tja», diverre. Eg bør i alle fall vera medviten om at det fyrst og fremst er symbolsk godheit eg utøver, og ikkje la handlekorga bli ei sovepute i prosessen mot å bli ein utøvar av praktisk nestekjærleik.

Kommentarer