Ein god dag

Då eg skulle legga meg i går, kjende eg meg uvanleg harmonisk. Eg kom fram til at det måtte vera fordi eg hadde hatt ein særs god dag.

Derfor gjekk eg dagen etter i saumane for å finna ut kva som gjorde han så god. Eg skreiv dagen ned i den svarte notatboka mi. Eg har ti slike bøker, ei for kvart år sidan den skriftlege sjølvrefleksjonen starta for alvor.

Slik var dagen:

Eg vakna av vekkarklokka klokka kvart over åtte og trudde at eg skulle på jobb. Men så fann eg ut at det var laurdag.

Eg hadde invitert meg sjølv på frukost hjå mor og far. Etter morgonstellet framføre spegelen gjekk eg dagen sminkelaus i møte.

Då me hadde ete, tok mor og eg kvart sitt 180-sandpapir og pussa ein stol kvar. Etterpå strauk eg mørk lakkbeis over stolane.

Etter arbeidet åt eg risgraut med foreldra mine og drakk kaffi.

Risgraut gjer meg sløv. Men eg var likevel vaken nok til å handla meg mat og til å endeleg hugsa at det var på tide å panta flasker.

Eg liker ikkje å fylla ut skjema. Men kjensla når det er gjort, er god. Skademelding sendt.

Deretter ringde telefonen. Det var ein ven i aust som lurte på korleis det stod til. Han var på veg for å mata ein veldig liten kattunge. «Noko av det søtaste ein finn innanfor dyreriket», sa han, og eg såg katten føre meg.

Eg gjekk til dei tidlegare huseigarane mine for å henta eldfaste former som eg gløymde då eg flytta ut. Dei inviterte meg på kaffi og vaflar. Me samtalte om aviser, New York og ADHD.

Så sykla eg til treningssenteret. Det viste seg å vera ein av dei dagane då kroppen er sterk og vaken. Blodet blei fylt av endorfin. Harde slag mot bokseputa, djupe knebøy og balansert kontroll på bosuen.

Attende i heimen med dei havblå veggane, kutta eg opp ei søtpotet, krydra ho med chili, pepar, koriander og soya og la ho i ei av dei eldfaste formene.

Medan poteta blei steikt, blei eg rein i dusjen. Vatnet løyste tankane mine, og brått visste eg kva eg skal halda foredrag om på salongen min neste helg. Eg noterte stikkord på tavla med det same eg kom ut frå badet.

Eg supplerte poteta med brokkoli, kikert og gulrot, og så åt eg maten med pinnar medan eg lytta til musikk på P13.

Eg sette meg i sofaen med Morgenbladet og las ein lang reportasje om ein imam medan eg åt nøtter og tørka frukt. Eg avslutta kvelden i møte med stormande kjensler hjå Dostojevskij sine Fattige folk.

Kva var det som gjorde dette til ein god dag? Eg trur det var vekslinga mellom nyttig arbeid, fysisk aktivitet, sosialt samvær og roleg aleinetid. Det spelte nok også inn at eg blei invitert inn til framande og slik nok ein gong fekk sjå at det er mange gode folk ein framleis ikkje kjenner.

«Det er desse dagane ein skal gleda seg over, der ein sjølv og menneska kring ein er friske og sutlause», skreiv eg som siste linje før svevnen tok meg vidare til dagen i dag.

Kommentarer