Den eigentlege konfirmasjonen

Det er på tide å oppretta eit nytt alternativ til konfirmasjonsfeiringa. Dette vil vera det ærlege alternativet, der ein ikkje pakkar røynda inn i religiøsitet eller humanistiske verdiar.

Konfirmasjonen er ei stadfesting. Men av kva?

Humanistisk konfirmasjon er eit kurs i livssyn og etikk. «Me ønskjer å inspirera deg til å tenka sjølv», skriv Human-etisk forbund i brosjyren dei sender ut til ungdommane som skal ta valet om kva slags konfirmant dei skal vera. Kva ungdommane skal stadfesta, går ikkje fram av brosjyren.

«Konfirmasjon i kyrkja er å utforska kristen tru og livets store spørsmål saman med andre», skriv Den norske kyrkja. Eg trudde at det å konfirmera seg i kyrkja var å stadfesta ei kristen tru, men kyrkjenettsida får meg til å innsjå at der tok eg feil, gitt. «Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja om du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig.» Eg finn ikkje noko informasjon om at dette dreier seg om å stadfesta dåpen.

Dermed kan det sjå ut til at ingen stadfestar noko som helst når dei konfirmerer seg. Ordet «konfirmera» har med dette endra meining. Alt kyrkja og Human-etisk forbund legg opp til, er litt ekstra tenking.

Ein høyrer jo også at konfirmantane går inn i dei vaksne sine rekker. Det er openbert berre tull. Dei får korkje røyka, drikka alkohol, røysta eller køyra bil. Ikkje kan dei ha lovleg sex ein gong.

Men eg vil likevel hevda at det er ei rolle som verkeleg blir konfirmert under konfirmasjonen, og det er rolla som konsument/forbrukar (her kan ein sjølvsagd velja ord fritt sidan konsumentar og forbrukarar er sjølvstendige individ som vel i samsvar med eigne preferansar). For sjølv om nokon vel humanistisk og andre ein kristen konfirmasjon, er det ein ting som er fellesnemnar for alle konfirmasjonar, og det er at store pengesummar blir overførde frå ein generasjon til ein annan.

Derfor burde ein opna for konfirmasjonar på kjøpesenter. Her kan konfirmanten få pengane sine og med det same stadfesta at han er ein fullmoden forbrukar. Ein kunne til dømes ha ein seremoni der konfirmanten fekk i oppgåve å bruka eit visst beløp. Så kunne gjestene klappa for valet.

Eg har følgd konfirmasjonsdekninga i Aftenbladet den siste tida (eg har i alle fall lese overskriftene). Dei store spørsmåla er: Kor mykje gjev du til konfirmanten? Og kva skal konfirmanten bruka pengane til? Konfirmantane blir åtvara mot å setta pengane i banken. Langt høgare avkastning får dei om dei investerer i aksjar. Dette er ei krevjande forbrukarøving, men når ein er konfirmant, blir ein rekna som moden nok for slikt. Andre konfirmantar vel å få ei nasjonaldrakt. Dette er ei anna form for investering enn den som gjev økonomisk avkastning, men ho er ikkje dermed sagt ei dårleg investering. Bunaden gjev kulturell kapital, og han er ei stadfesting av at konfirmanten høyrer til i det nasjonale fellesskapet. Sidan dette er eit fellesskap som er stint av oljepengar, er det slett inga dum investering. Ved å ta på seg bunaden stadfestar ein at ein er ein del av eit skattebetalande, flaggviftande fellesskap der dei opne armane til NAV er klare til å ta imot dei som snublar.

Under sjølve konfirmasjonsfesten blir det stadfesta kor flinke foreldra har vore til å vera konsumentar opp gjennom åra. Dei opptrer som forbilde for den ferske forbrukar ved å ha kapasitet til å spandera ein skikkeleg fest. Nokon foreldre har bestilt festlokale fleire år i førevegen, for slik må ein opptre om ein veit at ein fortener det beste.

Under konfirmasjonsundervisninga kunne ein bruka tid på dei store forbrukarspørsmåla, som trass alt er meir relevante for ungdommane enn dei såkalla eksistensielle og moralske spørsmåla dei balar med i dagens undervisning. Skal ein kjøpa økologiske, rettferdige, biologisk nedbrytbare og klimanøytrale varer, eller skal ein gå for dei heilt ærlege varene som ikkje prøver å framstå som om dei ikkje er ein del av den grådige og undertrykkande verdskapitalismen? Vel ein eit av dei fyrste alternativa, får ein ein illusjon som gjev eit avslappande godt samvit og positivt omdømme på kjøpet, men går ein for det siste alternativet, kan ein spara pengar. Kva slags ting skal ein kjøpa for å uttrykka identiteten sin, og kva for ein identitet skaper tinga? Kva tid er det best å gå inn i bustadmarknaden? Osb.

Eg ønskjer alle konfirmantar lykke til. Å vera ein perfekt forbrukar er eit prosjekt ein må jobba med alle vakne timar i døgnet. Gratulerer med dagen!




Kommentarer

Ole Johannes sa…
Eg er stolt av deg, tankane dine og skrivekunsten din, Frk. K. Glad for at eg fekk dele pult med deg eit halvt år, i alle fall.
Fru K sa…
Takk, gode mentor! Eg håper alt er bra med deg.