Dagar i fridom
Eg vaknar. Ser meg rundt. Eg finn ut
kvar eg er, og eg veit eg skal vakna her dei neste dagane også.
Vissa er så god at ho gjer vondt.
I etasjen under surklar kaffitraktaren
idet han syg opp dei siste dropane med reint vatn.
Eg går ned trappa for å møta ein dag
utan program.
Radioen snakkar om verda. Eg finn ein
kaffikopp og fyller han. Morgondisen lettar frå elva.
Eg vender ein stol mot vindauget. Gulsporv, kjøtmeis, blåmeis, raudstrupe, svarttrost, bokfink og spettmeis et frukost utanfor. Spettmeisa fyller det lange, smale nebbet med frø før ho flyr tilbake til den store grana som er bustadblokka til fuglane.
Kaffien glir over i frukost glir over i bøkene glir over i samtalen.
Eg har rive meg laus frå verdsveven. Han er
ikkje her. Eg veit ingenting om kva som skjer der. Det einaste mennesket eg lyttar til, er det som sit
ved sida av meg med ein kaffikopp heilt lik min eigen .
I denne tilstanden er sansane i stand
til å ta til seg det som møter dei, utan reduserande seleksjon. Eg
ser, eg lyttar, eg kjenner. Eg kan tenka tankane heilt til endes.
Ein rovfugl dukkar opp på himmelen. Småfuglane og ekornet søker tilflukt i grana.
Eg skriv i hovudet mitt, utan penn og
papir, men med vissa om at eg ein dag eller to seinare kan ta det
fram att og la det som er forbi, bli varig.
Me går tur i elva. Gjørma under oss
vil om få månadar ligga under vatn. Skorne søkk, fråsparka mistar
kraft. Spora blir verande. Her har bever, rev, hegre og gaupe gått
før oss.
Det er som å vera i ein filmscene. Det
hender eg føler det slik, når alt rundt meg verkar tungt metta med
meining, og når miljøet samspeler med relasjonane og det indre
sjelslivet til karakterane slik at nye lag med meining blir lagde til.
Eg føler meg som i «The road», i eit
post-apokalyptisk landskap der det er usannsynleg, og heller ikkje
ønskeleg, å møta andre menneske.
Me hoppar over bekkar som er på veg
ned til elva for å gjera ho feit. Nær bekkane er gjørma ekstra
mjuk, og me må vurdera nøye før me vel oss ein stad å kryssa. Eg
er alltid den engstelege. På heimvegen står eg brått i gjørme til
knes.
Dagen blir middag blir kveld blir øl
blir film blir svevn.
Dagen er lagra. Sjølv om dette ikkje
ein gong var ein dag, men eit destillat av fleire dagar som flaut
gjennom meg og reinska meg fri for slagg.
Kommentarer