Frk. K svarer journalisten
Nynorskjournalist Kristine M. Stensland
var denne veka invitert som underhaldningsinnslag på årsmøtet i det lokale mållaget. Denne funksjonen fylte ho med innlegget
«Språkhistoria mi», ei soge om svik, frelse, motmakt og
minoritetsidentitet.
Det var også ein annan journalist til stades. Då
årsmøtet var over, ville han intervjua nynorskjournalist Kristine
M. Stensland. Å vera på andre sida av blokka var ei heilt ny oppleving for ho.
Journalisten spurde nynorskjournalist Kristine M. Stensland kva frk. K ville ha meint om dette. Nynorskjournalisten blei paff. Frk. K var då ikkje til stades? «Eg
skal spørja ho», sa Stensland.
Frk. K skulle ønska at møtet aldri
fann stad, og at Stensland ikkje var ein nynorskjournalist.
Jaudå. Møtet var både triveleg og koseleg. Ein heimebane, sjølv om Stensland er noko
så sjeldan som ein uorganisert nynorskbrukar. Men ho skulle ønska at språket hennar
ikkje var noko som treng vern av interesseorganisasjonar, og at nynorsk var så vanleg at ingen kom på å kalla ho ein nynorskjournalist.
Frk. K blir trist og lei seg når folk
oppfattar språket hennar som ei barriere, og når ho høyrer folk seier
«nei, eg les aldri bøker på nynorsk, det gjer eg berre ikkje», som om prinsippet var heilag for dei.
Frk. K har ikkje valt nynorsk for å
gjera seg eksotisk eller vanskeleg. Heller ikkje fordi ho ønskjer å
vera ein del av den intellektuelle nynorskeliten. Ho har til og med ei kortvarig fortid som bokmålsbrukar. Men etter eit par år gjekk det opp for ho at ho ikkje fekk sagt det ho ville seia
på fornorska dansk. Frk. K er nynorsk, og ho korkje vil eller kan gjera
noko med det.
Ho håper inderleg at ho får bruka
språket sitt og bli forstått så lenge ho lever. Men ho er redd det
blir umogleg, for det er for mange som har fått det for seg at
nynorsk er vanskeleg og unødvendig. Dette fortel dei vidare til
ungane sine. Ungar trur på det foreldra fortel dei, for før
foreldra fortel noko, veit ungane ingenting.
Ein som har fått det for seg at
nynorsk er vanskeleg, vil ropa høgt kvar gong det dukkar opp eit ord
han aldri har høyrt før. «Sjå! Eg sa jo at dette er uforståeleg!
Vei du kva dette betyr, kanskje? Og så påstår dei at dette skal
vera nært talemålet mitt?»
Det er vanskelege ord på alle språk.
Vanskelege ord er dei du ikkje har høyrt før, og dei du ikkje har
spurt nokon om kva tydar. Spør du nokon, eller slår du raskt som
lynet opp i ei elektronisk ordbok, då veit du det. Og så kan du
lesa dei hundre neste sidene før neste vanskelege ord kjem. At noko er vanskeleg, tydar ikkje at det ikkje er vits å læra det. Heile skulegangen vår er
bygd på dette prinsippet: At noko me treng å læra, skal gå frå å
vera vanskeleg til å bli lett.
Frk. K les så ofte som ho kan, bøker
på originalspråket. Engelsk, svensk, dansk, bokmål, nynorsk og,
om ho brått får det for seg, fransk. Dei språka ho møter sjeldnast, krev av ho at ho opnar ordboka. Det har ho så langt ikkje teke skade av. Ho les på originalspråket fordi ein ikkje kan omsetta tekstar utan at dei blir noko anna enn
dei var. Kvart språk er noko som det andre språket ikkje er.
Språket er summen av tunger som har snakka det, fingrar som har
skrive det, landegrenser som er etablerte kring det, og historie som har
runne gjennom det. Og ikkje minst lydane. Svensk, fransk og nynorsk har dei
vakraste klangane, dei finaste melodiane.
Seier frk. K slikt offentleg, kan ho
nok koma til å få høyra at «ja, det er jo greitt for deg å koma med slikt,
for du er jo eit sånn språkmenneske med ein språkhjerne».
Alle er fødde med ein språkhjerne.
Frk. K har stimulert det medfødde språksenteret slik at strukturane blir
smidigare og vokabularen større, gjennom heile livet. Det er rett og
sant, og derfor ligg ho eit par steg framføre dei som sjeldan tek seg tid til tekst. Men i dette landet er dei færraste analfabetar. Alle kan opna
fleire bøker, alle kan bli sterkare språkarar. Det krev vilje til å gripa alt det som språket kan
gje oss: Kunnskap, inspirasjon, refleksjon, empati, estetisk
nyting m.v. Ingen har teke skade av å læra fleire språk. Dess
fleire språk du lærer, dess betre forstår du språka du kunne frå
før, og dess meir fininnstilte verktøy har du når du sjølv skal tenka ein tanke.
Det
er lite tolmod i tida. Ein av dei tinga frk. K er meir redd for enn
at dei skal drepa språket hennar ved å la det bli uforståeleg, er
at dei skal slutta å tenka. At dei skal lukka seg og seia at det som
tek tid og tolmod, det treng me ikkje. Med innhaldslause ord bygger
dei menneskeleg kapital. Om dei faktisk forstår
dei fine titlane dei gjev kvarandre på dette tomme språket, det er
ikkje så hytt, så lenge dei bruker det som ein markør på at dei er med i den nye tida. Ein heng ikkje fast i den historiske bakevja
saman med han der skjeggete Ivar Aasen med skeivgåtte sko.
Ein nynorskbrukar får klistrelappar på
seg. Nokon klistrar på nynorskbrukarane kjensler frå nederlag på skulen, andre
finn fram forakt dei har fått frå foreldra. Andre seier at
«nynorsk er så vakkert», og går ut frå at nynorskbrukaren skriv
poesi i kvar ledige stund.
Ein ting er sikkert: Ein nynorskbrukar
veit kva språk han bruker. Det blir han alltid fortalt. Han kan
ikkje vera likegyldig overfor språket. Han må jobba med det konstant, og ta sjølvstendige val frå menyen i ordboka. (I haust var nynorskjournalist Stensland også bokmålsjournalist. Ho bestemte seg for å skriva ein så radikal bokmål som mogleg. I bokmålsordboka fekk ho sjå at valfridomen er minst like stor i det gamle embetsmannsspråket som det er i hennar eige morsmål. Neste gong nokon seier at nynorsken har for stor valfridom, då skal ho be dei ta ein kikk i si eiga ordbok.)
Nynorskbrukaren kan ikkje kopiera dei
sjellause frasene frå kommunikasjonsrådgjevarar og byråkratar som
sit inst i gangane i hovudstaden og reproduserer produktiv ideologi.
Nynorskbrukaren må omsetta språket deira, og gjera det forståeleg
for seg sjølv og for folket. Derfor har nynorskjournalisten ein
fordel framføre dei andre. Ho blir tvungen til å tenka når ho
skriv.
(Elevane i Sogn og Fjordane presterer
forresten best i landet. Frk. K har utruleg lyst til å slå fast at
det er fordi dei er nynorskingar, ho manglar berre eit vitskapleg grunnlag.)
Herr journalist, her fekk du svaret frå
frk. K, i essayistisk form. Du kan få vanskar med å tabloidisera dette, så det spørs om det er noko verdt for dykk i pressa.
Kommentarer