Frk. K om sex

Sidan sex er i vinden for tida, tenkte frk. K at ho kunne gjera seg dagsaktuell, feministisk og nyanserande med ei novelle frå arkivet. Teksten blei publisert under pseudonym i 2013 i studenttidsskriftet "Speilvendt". Grunnen til at frk. K ikkje stod fram med fullt namn, var at ho på den tida var lærar og tenkte det var best at elevane ikkje googla seg fram til eit såpass frivolt bilde av frøkna.


EIT KNULL
av frk. K

Eg har nasen i den mjuke, rutete skjorta hans. Varmen frå kroppen under skjorta kryp inn i kroppen min,

temperaturen stig og stig og det vert så varmt at cellene tek til å dansa i meg. Han stryk meg over

hofta. Blodet og pusten tek til å vera meg meir enn tankane er meg, og handa mi finn vegen ned i

buksa hans, grip kulene og leiker med dei, kjenner korleis tung væske straumar til på innsida,

kjenner korleis det stig i han, pusten hans i nakken min, lepper og tunge og tenner som kolliderer

med eit klakk,

og huda mi held ikkje ut under kleda, huda treng å møta likesinna hud, handa finn glidelåsen,

handa vert sint på den tronge jeansen som er så treig, genseren er på veg oppover, den andre buksa

er også på veg nedovernedover, beina er lamma no fordi buksa er på knea,

sånn! Fri!

No er me så klønete, og kvifor tok eg meg eigentleg bryet med å ha på meg svarte blonder, kvifor

skulle han lika svarte blonder, det er vel jenter som er glade i blonder, er det ikkje, dessutan er

blondene berre med oss ein kort augneblink og ingen ser på dei medan han gnir handa mot det

silkemjuke stoffet som blir vått av silkeglatt væske,

ingen får med seg alt som skjer, for no er der ingen tankar, det er berre eit brus i hovudet, det er

blodet som snakkar,

kroppen vaknar som kropp,

brystvortene er harde og han har munnen over dei, lyd over leppene mine, det harde som pressar

mot låret, beina mine skil seg frå kvarandre, kom no inn då! Men han ventar, ventar, ventar, vil ha

det så vått som smelta snø, så legg han seg ned, nede ligg han, opp stig han, eg stig ned til han,

over han, midt mellom oss heng me saman, rytmen er min, rytmen er sakte med mjuke taktslag,

men ein kan ikkje bli verande her, for kroppen har eit anna mål enn dette, kroppen skal vidare, han

legg meg ned, eg er open for alt som vil inn, inn kjem han, denne gongen styrer han rytmen, ein

rytme med mykje vekt på kvart taktslag, hoftene hans, inn, inn, inn, ein lyd frå munnen min som

ingen veit kva tyder,

og det er no tankane vaknar, som om dei var blitt slått i svime, men gradvis tek til å opna auga, eg

ser opp i taket, eg ser oss frå taket,

korleis kan ein kalla dette for å elska, det berre to kroppar som er nære kvarandre og som no jobbar

så hardt dei kan for å nå punktet der einskapen går i oppløysing, dei bruker kvarandre berre for å

kunna gjeva slepp,

dette er berre biologi, kjemi, fysikk, no kan ein forklara oss med realfagslære, ein reduksjon av det

menneskelege,

men reduksjonen har sett oss fri! Rekk eg å tenkja før tankane druknar i eit flaumande stønn,

[.!.]

eg ler, no snur han kroppen min over på sida, han finn ikkje vegen attende med det fyrste,

straumen vert stogga,

no vil eg berre at det skal vera ferdig,

kroppen er i ferd med å mista herredømet, lydane i rommet fortel at det snart er over, no kjem det

væske inn i meg, no stønnar han, no ligg han der med auga attlatne. Han smiler. Sæden renn ut av

meg idet eg reiser meg, lufta er kald, kvifor ligg kleda kasta kring meg, kvifor ligg ein mann

naken, kvifor er eg naken, kvifor driv me med slikt.

Eg legg meg ned att etter å ha tørka meg med snytepapir mellom beina. Eg pakkar meg inn i dyna,

og eg lurer på kva omgrep eg bør eller vil setja på det me har gjort. Har me elska, knulla eller hatt

sex? Språket var ikkje der då det skjedde. Kan hende er ekstasen berre utanfor språket. Kan hende

er det best å la vera å binda handlinga fast med setningar. Likevel spør eg han idet han kjem

attende frå badet: "Kva vil du kalla det me nett gjorde?" Han ser på meg med eit skeivt smil, det

eine augebrynet løfta og ein slapp penis mellom beina. "Me hadde oss eit raskt og jævlig godt knull."

Kommentarer

Anonym sa…
Du store verden - jeg viste ikke at "frøkner" dreiv med slikt!
Fru K sa…
Ja, huff, du kan så seia. Sånn går det når ein sender ungdommen frå bibelbeltet til dekadente Christiania. No er ho heldigvis trygt tilbake, og ho har sjølvsagd utført dei pålagde botsøvingane for gjenoppretting av kjønnsmoralen.
Anonym sa…
Det var da enda godt!