Korleis øydelegga mennesket

I
Evige jaktmarker

Eit menneske er også eit dyr.

Eit dyr jaktar kvilelaust, det slåst vilt og tenkjer ikkje på anna enn mat om det ikkje er mett. Dyret kjempar dessutan med alle tilgjengelege våpen for å få tilgang til det beste underlivet.

Fyrst når eit menneske ikkje blir drive av svolt og kåtskap, kan det vera meir enn dyret. Då er mennesket ånd. Ånd skaper. Ånd ekspanderer. Ånd elskar.

Men makta (og då må de ikkje misforstå så grovt at de trur det vert sikta til den demokratisk valde makta, for ho er ikkje anna enn eit spel for skodelystne som krev folkestyre) ho sørgjer for at menneska aldri er mette.

Her tenkjer de nok at teksten må stoppa ein hal, for me et jo på oss både overvekt og treningsnarkomani.

Jo! Sant er det! Den vestlege kroppen får det den naturlege kroppen krev. Men makta har utvida svolten til å gjelda så mykje meir enn dette, og ho sørgjer for at begjæret aldri blir tilfredsstilt. Kring oss har ho vove omgjevnadar som genererer stadig nye impulsar i nervenetta våre slik at me alltid må vidare før tanken er ferdig tenkt. Me produserer tusenvis av halvtenkte tankar, og slik forblir me idiotar.

II
Separasjonen frå det oss me elskar

Ein av tankane me ikkje får tid til å tenka, er at alle menneske er medmenneske med latent, blømande åndsliv. Om me berre delte mat og naudsynt materiell mellom oss, kunne alle fått høve til å tenka og sjå seg fritt ikring. Men sidan me ikkje kan tenka ein lang nok tanke til å finna ut korleis ein deler ting likt, må mange bruka tida si på å slåst for livets grunnleggande rett, medan andre sveittar for å bli kvitt det dei har for mykje av.

I staden for å elska det oss som ånda ønskjer å elska, deler me oss inn i grupper og fortel kvarandre at nokon fortener fridom meir enn andre. Me får det til å høyrest rett og klokt ut at nokon skal sitja på asfalten, nokon skal drukna i Middelhavet, medan andre skal stengast inne bak piggtrådgjerde fordi dei hadde eit håp om å få det betre.

III
Dei som diverre ikkje kan gje seg

Dei som ikkje tåler at det menneskelege ved mennesket blir kverka, kallar makta for sjuke, og ho fôrar dei med antidepressiva. Slik kveler ho siste rest av ånd som vil opp frå jordbundne lekkjer.

Det er dei deprimerte som har rett. Dei tenker kan hende ikkje tanken, men sjela deira veit.

IV
Fordi me har ånd, kan ingen redda oss

Det var ikkje slik det skulle vera, menneske, sukkar Gud, og gjer ikkje ein skit med problemet, for han gav oss jo fri vilje som ei slags julegåve eit år for veldig lenge sidan.

Kommentarer