Jæren rockar

"Drikka bort sorgene mæ øl og brennevin", syng Generalen. På tjukkaste jærmål og med den djupaste røysta varmar varhaugsbuen opp 600 publikummarar på lageret til Vaaland ølutsal. Det er duka for minifestivalen "O jul med din vrede".

Han som står ved sida av meg, ein orrebu, spør om eg forstår kva Generalen syng. Det tek maks tjue minutt å køyra frå Orre til Varhaug. Eg seier ja, og prøver meg på ein vits som ikkje slår an: "Eg har studert nordisk. Me pugga dialektar."

På den andre sida av meg står to tullingar og klagar høglydt på musikken. Kvifor i huleste har dei då stilt seg opp heilt fremst ved scena? Eg får lyst til å spørja dei om det, ja, eg kjenner til og med lysta til å krydra spørsmålet med eitt og anna stygt ord, men eg tenkjer at det er greitt å halda på ei god stemning. Ikkje alle forstår seg på den mørkaste jærbluesen. Ikkje alle forstår seg på folkeskikk. Dessutan: Folkeskikk er ikkje så veldig rocknroll, så det er kan hende eg som er teit denne gongen. 

Lengta etter Jack

Etter ein dykk i den ufrelste, jærske sjela vert me løfta opp att av lystige tonar frå Svenssen. Det gjer godt med litt glede i julevreda. Så følgjer haugalendingane i Kindred Fever. Ein hardtslåande trommeslagar og ein gitaristvokalist med hatt er meir enn nok til å laga rock. Mannfolka rundt meg blir overraska over kor mykje trommeslagaren får til. "Wow, ho speler trompet også!" seier dei. Ja, er det ikkje rart at ei kvinne kan spela like mange instrument som ein mann? Det svake kjønn slår til. 


Den vakne lesar tenkjar nok at denne besetninga likna då fælt på The White Stripes. Korrekt. Det gjer musikken også. Diverre fører dette til at eg blir ståande og fantasera om Jack White, og når eg då ser at det er ein annan fyr som står der, blir eg skuffa. Det er sjølvsagd ikkje hans feil at han ikkje er Jack. Nesten-Jack kasta settlista på meg. Så no har eg ein papptallerk ekstra. 

Skåret i gleda

Fyrste tur i baren var eg dum nok til å seia "øl". Eg endte då, ikkje overraskande, opp med ein vanleg, bleik pils. Neste runde gjekk det opp for meg at ein for same pris kunne få IPA frå Kinn på tapp. Kvelden vart endå betre. Det er fordelen med å ha konsert på eit ølutsal. 

Skal eg kritisera noko, så må det vera dette: Ein måtte kjøpa vatn. Når ein liter vatn kostar det same som ein halv liter øl, kan det bli vanskeleg å velja det ein burde. 

Normforvirring

Hemmelege gjestar dukka også opp. Operasongar Magnus Rommetveit Staveland song "O helga natt". Eg blei smått forvirra, for var eg no på klassisk konsert, der ein skal halda kjeft og vera danna, eller var eg på rockekonsert? Det viste seg at eg var på rockekonsert, for ingen av dei rundt meg vurderte det som ei skam å synga høgt og falskt saman med den klokkeklare tenoren. Difor song eg også. Etterpå sa songaren til Jærbladet at han fekk kick av å synga for oss. Kjekt å kunna bidra.

I hopen

Så var det tid for Skambankt. Sidan eg var i usedvanleg godt humør (nei, full var eg ikkje, men eg hadde bestemt meg for å vera glad), haldt eg meg i nærleiken av scena. Der skal ein hoppa opp og ned og løfta armane mot taket. Det er artig. Syng med! "Her har du fingen min. Den i midten den e bare din. Ta an med, ta an med. Anonyme hatere e vonde å se, og sikkert vonde å leva med, dra de ner, dra de ner."

Eg kan rett nok styra begeistringa mi for dei som absolutt skal driva å dytta kvarandre fram og tilbake. Eg prøver å vera ein fredsæl publikummar som står på mine tilmålte kvadratcentimeter  og hoppar vertikalt, ikkje horisontalt. Men sidan det berre er meg det går utover om eg let dyttinga irritera meg, bestemte eg meg for å la meg driva fram og tilbake som sjøgras og setja sjøbein når det var naudsynt for å ikkje falla overende. Å bli dusja i øl er slikt ein må rekna med når ein driv med rocknroll. Det kan godt henda at det er bra for håret, ein kan i alle fall ikkje utelukka det. Det heile var heitt og klamt og herleg. 

I min ungdom var eg ei sjølvmedviten og keisam frøken som ikkje dreiv med slikt. Men no gjer eg nett det musikken vil at eg skal gjera. Så får heller dei andre meina kva dei vil om rørlsene mine. I don't give a shit. Det er dessutan betre å la seg riva med av rock enn av lovsong, som eg dreiv med før i tida, for rocken krev ikkje at eg underkastar meg autoritetar. 

Syng med Skambankt ein gong til! "Eg e ikkje redd for dommens dag, eg e ikkje redd for den slags ubehag (...) men eg e redd for de som leve, eg e redd for de som styre, eg e redd for de som befale."

Epilog

Etter eitt år som fastbuande på Bryne, er eg i det heile glad og nøgd. Ein treng slett ikkje bu i Oslo for å få forfriskande kulturopplevingar. Musikken er liv laga på Jæren. Det var også konserten "Strålande jul" i kyrkja eit døme på. Ein fantastisk bukett med alt frå General Forsamling til klassisk skolerte songarar viste fram eit blømande musikkliv. Festivalane Ranglerocken og Hibnaleite kan også nemnast for å styrka argumentasjonen. Like viktig som dyktige musikarar, er folk som er tek initiativ. Dei har me også.

Livet på Jæren er slett ikkje ille. 

Kommentarer