Finans, kne, spelteori og indisk filosofi

Helgemoro på 1-2-3:
1. Inviter folk. 
2. Sei at dei som kjem, må førebu eit ti minutt langt foredrag om noko dei synest er interessant.
3. Lukk opp døra når gjestene ringer på. 
Lykke til!

I går vart stova mi til ein kunnskaps-salong. På ein heilt vanleg laurdag lærte eg om spelteori, kne og finansmarknad. Eg deltok også i interessante og etter kvart heftige (særskild når ideologiske skilnadar mellom Blindern og BI vart sette i spel) diskusjonar som vaks fram etter foredraga. Det er kjekt å læra, og det er kjekt å læra bort. Ein vinn-vinn-situasjon.  

Her er bidraget mitt: 

"Eg har nett lese «Flammen og hjulet», ei innføring i indisk filosofi av Kjell Madsen. Boka er levert, men eg vil no legga fram det som sit att i hovudet mitt etter lesinga, supplert med ein dobbelsjekk på snl.no.

Eg vil ta for meg dei fire knaggane som held mi vaklande forståing av indisk filosofi oppe. Omgrepa har tileigna seg ulike tydingar etter kvart som religionstreet har fått fleire greiner. Men tradisjonane innanfor hinduisme og buddhisme har så vidt eg har forstått, felles røter. Dei fire knaggane mine er: Karma, dharma, atman og brahman.

Atman er det einskilde individet. Brahman er altet. Mikrokosmos og makrokosmos. Sjela og verdsaltet. Men desse to blir identifiserte med kvarandre i uttrykket «tat tvam asi», som tydar, «det er du», atman er brahman. Dette er ein ganske svimlande tanke. Om eg er altet, er alt anna også altet. Eg prøvde å meditera litt over dette, i sånn omtrent ti minutt om gongen. Eg gjekk inn i meg sjølv og ut att, og eg flaut utover altet. Det vart litt for mykje for meg.

Men når eg tenkjer over det, så skil ikkje dette seg så veldig frå den kristne tanken om at det frelste mennesket er i Gud, og at Gud er i det frelste mennesket. Så heilt eksotisk er ikkje tanken for ein eks-kristen. Og alt som er, har unekteleg noko felles. Alt er bygd opp av atom som vert bundne saman og rivne laus frå kvarandre att, for så å bli bundne saman i nye konstellasjonar. Dessutan har alt som lever, ei livskraft som får oss til å veksa og oppretthalde oss sjølve. Så noko er likt, noko er felles, men kor mykje? Og kva konsekvensar får det dersom eg prøver å tenkja og levamed ei tru på at «tat tvam asi»?

At atman er brahman, fører meg til den radikale tanken at eg lider saman med alt anna som lider. Har eit menneske på andre sida av verda vondt, har eg det vondt, for me høyrer til den same brahman. Har ein maur det vondt, har eg det vondt. Om alt liv høyrer saman på denne måten, må ein verkeleg oppføra seg fint.

Når atman innser at han er ein del av brahman, oppnår han moksha, som er frigjering. Ein vert då frigjort frå maya, som er illusjonen me ser brahman gjennom. For me, som ikkje er frigjorte, kan ikkje sjå med eigne auge at atman er brahman, og det er nett fordi sjølvet vårt oppfattar det som er, gjennom illusjonen der det eine er skilt frå det andre. Eigentleg er sjøen og landet det same, brahman, men maya gjer at me ser det som to einingar. At me er skilde frå altet gjennom illusjonen, gjev liding. I moksha innser atman at det er ein del av brahman, og ingenting er skild meir. Då treng ein ikkje lenger forklara tilværet gjennom motsetnadar, for ein ser alt som ein einskap.

Min atman vert avgrensa gjennom ego. Ego lappar saman identiteten og fortel meg kven eg er. Alle merkelappane eg har på meg, er eit resultat av ego som skil og avgrensar atman frå verda. Slikt sett bygger ego eit fengsel for atman. Idet eg avgrensar meg, gjer eg også evna mi til medliding med resten av brahman mindre.

På vegen mot moksha er karma eit sentralt omgrep. Karma betyr «handling» og tilfører tilværet årsakssamanheng. Som ein sår skal ein hausta, og alle handlingar blir følgd av ein konsekvens. Dette er eit upersonleg rettferdsprinsipp som kan forklara kvifor det er skilnad på folk, og som i nokon religiøse retningar manifesterer seg i kastesystemet. Når ein blir fødd på ny, vil forma ein får vera bestemt av kva for karma ein fekk i dette livet. Korleis kan ein bli fri frå denne gjentakande og blinde årsakssamanhengen? Her er eg på tynn is, for dei religiøse retningane har ulike svar. Men dharma er ein nøkkel, så vidt eg har forstått. Dharma kan tyda å handla i samsvar med det som er godt i den konkrete situasjonen karma har plassert ein i. Det optimale er å handla utan å tenka på seg sjølv, for då handlar ein som om ein er ein del av brahman, og gjer ein det, kjem ein nærare moksha.

Eg vart ikkje svoren tilhengar av indisk filosofi av å lesa boka. Men eg synest det er fint å tenkja på atman og brahman ein gong i blant. Omgrepa gjev motivasjon til å sprenga eigne grenser og til å leva seg meir intenst inn i alt som er. Å møta dyr vert annleis om ein ser dei som ein del av det ein sjølv er. Og om eg ikkje treng å fanga meg sjølv i ego-strukturar heile tida, kan eg gje slepp på frykt og begjær som avgrensar meg.

(Her følgjer spørsmål frå salen og diskusjon.)"

Kommentarer