Frk. K nikkar og tenkjer «så interessant»

(Om nokon som var på Kapittel kjenner seg feilsitert, er frk. K ikkje mottakeleg for kritikk. Dette er ein tekst i brytninga mellom fiksjon og fakta, som jo er så i vinden for tida.)

Sjå min kjole

Frk. K har teke på seg ein kjole ho ikkje går med i den rurale heimbyen, for no skal ho til urbane strøk og høyra på prateklassa. Ho kler seg for eit anna åndsklima, og om ein ikkje visste betre, kunne ein tru at ho var på veg til lesesalen på Humanistisk fakultet på Blindern.

Skjønt, klimaet i oljebyen er eit heilt anna enn det ein finn i tigerbyen. Rett nok går folk i Stavanger på teater og på klassiske konsertar. Men frk. K, som er full av fordommar mot rikingar, trur dette er noko den økonomiske eliten gjer for å få andre til å tru at dei har eit rikt indre liv. Oi,der var ho slem, gitt. Ho er nok berre misunneleg fordi alt i oljebyen er for dyrt for dei som ikkje jobbar eller dusjar i olja.

Frk. K er ambivalent når det gjeld litterære tilstelningar. Kvifor i alle dagar skal folk som er flinke til å skriva, bli tvungne av forlaga til å snakka? Jau, det er klart det må til, for ein lyt tenkja på salstala. Men skikkelege forfattarar er sosialt klønete, og dei burde få fritak frå slike stressituasjonar. Dessutan er det ikkje alltid folk som kan skriva, har så mykje å seia. Om emnet er til dømes «Fiksjonen og røynda», då kjem ikkje frk. K.

Fasit: Prevensjon og utdanning

Men eitt og anna tema kan vekka interessa til frk. K, sjølv på litteraturfestivalar, til dømes «akutte truslar mot eksistensen til menneska». Ifølgje Alan Weisman, som visstnok er aktuell med ei bok kalla «Countdown», er det farleg at me er i ferd med å bli veldig mange. Å, du seier ikkje det, du, tenkte frk. K og lurte på kvifor det ikkje var ho som hadde fått ein mikrofon å snakka i. Weisman var nok ein såkalla optimist, for han hadde med seg eit par konkrete, løysingsorienterte, realiserbare og ikkje alt for kostnadskrevjande tiltak: 1. Sørg for at alle har prevensjon. 2. Gje kvinner høgare utdanning. Dette vil ifølgje foredragshaldaren føra til at kvinner får eit halvt barn mindre kvar, og vips! så vil talet på folk stabilisera seg på eit berekraftig nivå. Her føler frk. K at ho verkeleg tek samfunnsansvar. Ho har minst eit halvt barn mindre enn dei fleste.

Hjernebyen

Neste post på det kresne programmet til den pretensiøse frøkna handla om oljebyar. Der var det ein lokal professor som sa at oljebyar typisk har boomar, men at det går nedover att når olja forsvinn. Då gjeld det å ha fleire bein å stå på, og det meinte herr professoren at Stavanger har. For Stavanger har så mange skarpe hjernar, i motsetnad til andre byar som ikkje har klart å bli så rike. (Siste del av setninga er det frk. K som har laga, ikkje Gunnar Nerheim, som professoren heitte. Men frk. K meiner det låg implisitt i det han sa. Ho om det.). Ingen grunn til panikk, altså.

Så snakka oljeungen, forfattaren og forleggaren Steffen Sørum om korleis det var å veksa opp i ein oljefamilie. Frk. K likte det han sa, og ho trur ikkje utelukkande det var fordi talaren var kjekk. Det han som gut la mest merke til, var at han fekk leiketøya lenge før dei kom til Noreg, om dei då i det heile kom til Noreg, for dei amerikanske leikene var gjerne litt for valdelege for sarte nordmenn. Men no hadde oljeungen budd i Oslo ei stund, og frå denne distansen kunne han kritisera rikingane i heimbyen. Rikdommen øydelegg Stavanger når vanlege folk, som sjukepleiarar og lærarar, ikkje lenger har råd til å bu der, sa han sånn omtrent. Her nikka frk. K inni seg.

Ein professor frå Aberdeen fortalte så at han hadde ete middag på ein kiosk dagen før, for restaurantane i Stavanger var for dyre for han. Denne bodskapen klødde også i øyra til frk. K.

Brannvarsling

Til slutt benka frk. K seg i eit dunkelt lokale der tre forfattarar skulle snakka saman om «den norske tilstanden». Ein av dei hadde vore i utlandet opp til fleire gonger, og dette hadde fått han til å tenkja over kva som var så annleis med Noreg. Ein annan hadde vore i Danmark og sett ein nordmann som gav au-pairen sin for mykje å gjera. Rettferdssansen i forfattaren reagerte på dette. Den tredje i panelet påpeikte at me ikkje må tru at det berre er nordmenn som har fordommar mot polakkar. Det kan like gjerne gå andre vegen. Ho funderte seg også fram til at det ikkje er så sikkert at arbeidarar frå andre land har så lyst til å bli integrerte her i den norske heimen. Kva om dei som oss berre ønskjer ein økonomisk transaksjon utan føleri?

Dei tre påpeikte humrande at det er så innmari typisk for sånne kulturfolk som dei sjølve å driva å gnåla om at me er for rike i Noreg. Er det liksom så gale? Er det ei synd å ha flaks og attpåtil vera litt flink? Nyt ikkje alle godt av oljepengane gjennom Noreg AS? Me er ein gjeng med hyklarar som prøver å driva bort skuldkjensla med verbale botsøvingar.

Kvar brenn det i dag? spurde Vigdis Hjorth. Ingen av dei tre opphøgde frå sjølvaste pratepalasset kunne svara kvarandre på det. Kvifor kjem ein då og høyrer på dei, om dei ikkje kan anna enn å hosta opp sjølvsagde frasar som ikkje svir i det heile? Rett nok hadde ikkje frk. K tenkt alle tankane som dei serverte ho, tidlegare, men då pratarane fekk ho til å tenkja dei, glei dei motstandslaust inn i det polerte verdsbiletet hennar.

Kritikk i alle retningar

Ein lysande tanke slår ned i frk. K:«Dei som verkeleg burde vera sinte, er stumme. Dei som snakkar, snakkar fordi dei liker lyset på scena, ikkje fordi det brenn under føtene på dei.»

Dei som sat i salen og prøvde å sjå interessante ut medan dei lytta til folk som den offisielle kulturpressa har erklært interessante, følte nok at dei fekk det dei kom for. Dei fekk høve til å nikka, og til å tenkja «så interessant» opptil fleire gongar. Og alle var samde om at dette var ein viktig festival som er høveleg for ein tidlegare europeisk kulturhovudstad. Dei føler at dei har våga å tenkja kritisk midt i oljebassenget utan å ha tenkt ein einaste radikal tanke.

Frk. K då, kven trur du at du er? Du er som dei, du. Du vil sola deg i glansen frå dei intellektuelle, du vil sjå intelligent ut i vintagekjolen din, du vil nikka og påstå at du forstår. Du vil ha «interessante diskusjonar» som ikkje har samfunnsendring som mål, men sjølvframsyning. Du har heller ikkje peiling på kvar det brenn, og du driv med patetiske botsøvingar i form av vidareformidling av miljøpropaganda og redusert kjøtinntak. Det er ikkje slike som deg som kjem til å endra verda, frk. K. 

Men verda må endrast. Magekjensla og hjartet ditt veit dette. Lytt til dei, ikkje til dei indoktrinerte tankane dine, så kanskje blir det noko anna av deg enn ein pratar og ein nikkar ein dag. Og så må du sjå til og bruka auga dine. For ein brann er ikkje usynleg.


No ber visst frk. K meg om å ta det litt med ro her. Ho dreg fingrane mine vekk frå tastaturet og seier at eg overdriv.  

Kommentarer