Frk. K helsar hausten velkomen

Frk. K ser ut vindauget og erklærer stearinlys-sesongen 2014/15 for opna.

Ei fyrstikk. To små flammar. Det får vera nok. Det er trass alt berre siste dagen i august. Mørket utanfor kjem til å bli tjukkare og tyngre. Då har ho fleire lys på lager.

Den 21. desember er ein heilagdag. Sola snur. Fyrst usynleg og berre i hovudet hennar. Men det skjer.

Frk. K minner seg sjølv om at ho har klart seg gjennom mørket kvart einaste år. Alt blir ein vane. Sjølv det absurde faktum at sola kan forsvinna klokka fem. Eller var det endå tidlegare?

Åra kjem, åra går, ho blir gamal.

No skal alt døy. Graset som nett stod sprutande grønt, det skal bli brunt. Blada på trea skal skifta farge. (På austlandet vert blada hengande på trea og gløda i skarp haustluft. Her vest bles dei bort den dagen dei vert gule. Når ho tenkjer på dette, får ho lyst til å flytta attende.)

Det gjer vondt når det døyr. Men når sommaren verkeleg er steindaud og grøda er hausta, går både frk. K og naturen i dvale. Sofaen blir eit hi som ho ikkje må ut av like ofte som då lyset og varmen kalla på ho utanfrå. Det er ikkje lenger påbode å vera energisk og glad heile tida. Frk. K kan lesa saktegåande bøker, la blikket gå opp i telys-flammen, drukna melankolien i te og bremsa farten på orda. For det er jo mørkt ute. Det er så velsinga mørkt.


Kommentarer

Anonym sa…

Kjære frøken K.
Du skriver så godt at det er umulig å kommentere!


Fru K sa…
Takk for det! Eg er meg ein stusseleg bloggar som ikkje klarer å generera ein einaste smule debatt. Eg treng nok litt kommunikasjonsrådgjeving for å slå gjennom.