Forbrukarprofil: Frk. K

Å gå mellom hyllene på det gigantiske kooperativet gjorde tidlegare frk. K stressa. Ho kjende korleis tusenvis av varer skreik etter emosjonell respons i form av ei utstrekt hand. Milliardar av marknadsføringskroner kjempa om merksemda hennar. Som den kjenslevare personen ho framleis er, var butikkturen beint fram ei påkjenning.

No har ho funne fred. Ho går den naudsynte handlerunden med eit lite, zenisk smil om leppene medan den blå korga følgjer etter ho som ein lydig hund.

Frk. K har nemleg funne forbrukarprofilen sin. Når ho entrar marknadshallen, har ho bestemt seg for kva bodskapar som skal få lov til å selja seg inn i ho. Ho har teke kontrollen, meiner ho. (Det er sjølvsagd ein illusjon, men kva gjer vel det når ein beveger seg i ein slik mastodont av ein manipulerande sosial konstruksjon.)

Det er berre tre spørsmål som skal til: Kva treng kroppen til frk. K? Kva er det best for Mor jord og dyra hennar at frk. K kjøper? Kva er det best for arbeidarane at frk. K kjøper?

Når frk. K så plukkar opp fersk frukt og kortreist grønt, når ho vel varene det står økologisk og rettferdig på, ja, då er ho stolt når ho viser fram kortet sitt slik at kooperativet kan få med seg kva ho har valt ut. På denne måten meiner ho at ho sender eit signal ut i marknaden: Kunden (kvinne i slutten av tjueåra, einsleg, med høgare utdanning) ønskjer seg grøne enger og menneskeverd og i handlekorga.

Og når mange nok har sendt dette signalet, vert verda grøn og rettferdig.

Godt samvit er noko ein får ta seg råd til. Frk. K tek forbrukaransvaret på alvor.

Noko av det verste frk. K veit, er dokumentarar som fortel ho at det ho kjøper, ikkje reddar verda likevel. Ho fortrenger bodskapen så fort ho kan. Ho latar som om strukturane i verda ikkje er sementerte i urettferd og grådigheit. For om ho skulle gjera noko med dei strukturelle greiene der, måtte ho bli revolusjonær, og det har ho ikkje tid/kapasitet/lyst/offervilje/kreativitet nok til.

Så ho fyller korga si. Og ho skammar seg når ho bør skamma seg. Ei botsøving for forbrukarmennesket.

(Frk. K har også ei lita, lystig, nesten skitten glede. Det er å betala kontant. Ho kan til dømes kjøpa ein øl ute, betala med ein hundrelapp og vita at ingen! Ingen! utanom den som tok imot betalinga og dei som sit i rommet, veit at ho kjøpte den ølen (med mindre området er video-overvaka). Det er så innmari herleg! Ein føler seg nesten som ein kriminell! For det er jo berre kriminelle som har noko å skjula for marknaden og myndigheitene, er det ikkje? Frk. K er førebels ikkje kriminell. Men om ho ein dag vert tvungen av store- eller veslebror til å visa fram alt ho gjer, ser ho ikkje bort frå at ho må bli det.)

Kommentarer