Verda av i morgon

Eg les to bøker: "Verden av i går" av Stefan Zweig og "Drivhuseffekten - Klimapolitikken som forsvant" av Erik Martiniussen.

I den fyrste boka skildrar Zweig livet sitt. Det tok til i 1880-åra og enda i 1940-åra. Eg er framleis ikkje komen til fyrste verdskrigen. Men sidene dirrar allereie av vissa om at den tilsynelatande harmoniske og velfungerande sivilisasjonen Zweig opplever som ung, privilegert forfattar, står for fall.

Tilfeldigvis las eg dei fyrste sidene av "Drivhuseffekten" i dag, same dag som FN fullførte klimarapporten sin. Eg vert redd for at eg også vil kunna skriva ein sjølvbiografi med namnet "Verda av i går" før eg døyr, med like tragiske omveltningar som dei Zweig fekk oppleva.

Verda av i dag skjelv. Meir ekstremver, tørrare der det allereie er tørt, høgare havnivå. Noreg vil truleg halda fram med å vera ein leveleg stad, trass hyppigare flaumar og ras. Me har råd til å tilpassa oss klimaet. Men korleis i alle dagar skal det gå når store folkemassar ikkje lenger kan leva der dei er no? Korleis skal me bli mette om store jordbruksområde vert lagde brakk, og om økosystemet i havet ikkje blir til å kjenna att? Dette scenarioet varslar tøffe kampar om knappe ressursar.

Eg er busett i sjølvaste oljefylket, og lokalsamfunna kring meg nyt godt av pengane som dryp frå plattformane. Berre seks av ti rogalendingar meiner at klimaendringane er menneskeskapte. Eg snakka med ein av dei fire av ti. Fyrst nekta han for at forsking er noko å tru på i det heile ved å visa til døme på at forskarar har teke feil. Så heldt han fram med å seia at det likevel ikkje nyttar det spor kva me gjer her i Noreg. Han demonstrerte fornekting og handlinglamming i eitt. Han kom attpåtil med ei vag tilvising til Johannes' openberring, der alt går til grunne uansett kva me gjer. Eg håper inderleg ikkje ei slik ansvarsfråskriving og fatalisme er utbreidd i kristne kretsar.

Det er få rundt meg som er redde. Eg er det. Truleg døyr eg før det vert for ille. Men eg har lite lyst til å senda barn ut i den framtida som kan sjå ut til å venta dei. Eg fryktar dystopien i hovudet mitt ikkje er så urealistisk som eg ønskjer å tru. Sivilisasjonar har gått til grunne før. Kloden overlever, men på vegen døyr menneske og dyr i hopetal.

Verda av i dag, vil bli verda av i går. Verda av i morgon må me gå saman for å redda. Me har ikkje fått det til enno, fanga som me er i vekstmantra og forbrukaridentitetar. Det dummaste me kan gjera, er å læra nye generasjonar å tenkja slik som oss. Me kan håpa at barna vert fødde frie og sterke nok til å sjå verda på nytt for oss. Og inntil dei har teke til å fortelja oss kva dei ser, får me prøva å sjå verda av i morgon på nytt sjølve.

Kommentarer