Løftar ei stang, trekk i eit tau

Eg ror. Åretak for åretak over vatnet. Eg skal trekka garn.

Nei, det skal eg aldeles ikkje. Eg sit på ei plate som glir langs ei metallinnretning medan eg dreg i eit handtak. På skjermen framføre meg ser eg kor fort og langt eg ror. Sånn, 1500 meter. Eg bør har kome meg over fjorden no. Det får vera ei grei oppvarming.

Klokka sju er eit populært tidspunkt. Lufta er full av folk si sveitte. Sveitta smittar.

Eg legg vektar på ei stang og plasserer meg under stanga. Eg reiser meg, og stanga blir liggande på skuldrene mine. Så bøyer eg knea. Dette gjer eg ein god del gonger. Både såkalla "knebøy" (eit godt og bokstavleg ord) og "utfall". Tre sett.

Kva ville til dømes oldemor ha sagt om ho såg meg no? Kan hende ville ho berre ledd. Kva skal dette slitet vera godt for? Kunne du ikkje heller ha henta mjølk eller vatn eller ved?

Nei, oldemor, alt eg gjer på jobb er å trykka på eit tastatur. Det hender også at eg trør inn gass, bremse og kløtsj.

Eit tastatur? Kløtsj? Spørsmåla dirrar i auga hennar og avstanden mellom ho og meg er uoverstigeleg.

Det skal seiast, at seinast i jula brukte eg faktisk kreftene på å henta ved. Eg køyrde trillebår på trillebår, og eg vart rusa på kjensla av meiningsfylde. Eg stoppa ikkje før yttrerveggen var dekt av ein vedstabel som var mitt eige verk.

Så eg har minst eitt døme på at eg hadde nytte av musklane mine, seier eg til oldemor. Kan hende treng eg dei att ein dag, og då er det greitt å ha styrken klar. Dessutan er det allltid ålreit å kunna opna syltetøyglas. Rett nok er det sjeldan eg et syltetøy, men ein veit jo aldri kva ein kan få lyst på.

Eg krøllar bicepsen i namnet åt den salige likestillinga. Det er ingen grunn til at kvinner ikkje skal få utvikla krafta som ligg latent i musklane deira.

Eg anar ikkje kva slags kvinne oldemor, eller oldemødrene mine, var. Det er mogleg dei var strenge og ville ha sett stygt på meg. Kvifor stikk du rumpa fram i ein trang tights eit rom fullt av menn? Som ei skjøge!

Men dei ville nok ha sett endå rarare på andre i lokalet. Menn som har blese opp kvar einaste muskel så mykje at huda ser ut til å nærma seg brestepunktet! Og som går i singlet! Kva skal dette vera godt for! Kan dei henta geitene ned frå fjellet når dei sjølve er berg?

Nei, høyr her oldemor. Dei mannfolka der er kan hende ein smule galne, men det eg driv med, er fullkomen fornuft. Eg bygger ikkje kropp, eg tek vare på helsa. Det skal ein ikkje kimsa av. Energi og endorfinrus er bra for psyken, og trente musklar held ein oppreist både ståande og sittande utan at ein får vondtar. Dessutan får eg trent ein svært viktig muskel, viljestyrken.

Høyr på meg då, her eg lallar i veg! Eit salig samansurium av absurditet og fornuft. Snurrig i eit anna samfunn, eit sunnheitsteikn i eit gjennomteknologisert samfunn som dette. Kvar ligg galskapen gravlagd?

Kommentarer