Fort! Tenk på noko vakkert

Det er ein av dei mannge dagane blotta for jærromantikk. Det er rett og slett berre grått, vått og vindfylt.

Men! Livet er dog vakkert! Heng ei med hodet, du raske gut og jente!

Heimelekse: Ti vakre punkt i tilværet
(Oppmodar lesaren til å gjera det same. Legg gjerne ut lista i kommentarfeltet. Dess meir vakkert me deler, dess vakrare blir det.)


  1. Tipsarar som ringer avisa for å fortelja at dei har sett ei lerke eller høyrt ei vipe.
  2. Regndropepreludiet av Chopin
  3. At det er mogleg å hamna i situasjonar der dette er eit naturleg bilete å ta:
    Mannen på biletet heiter Lars. Han er ikkje min.
  4. Å setja seg ned med ein Dag Solstad-roman og vera trygg på at språket kjem til å riva ein med seg denne gongen også. 
  5. At det er svært truleg at eg ein sommarkveld kjem til å jogga på stranda i solnedgang.
  6. ... (Sensurert av helsemyndigheitene pga. alkoholpromoterande innhald.)
  7. Dyr. Til dømes ei ku eller ein delfin.
  8. Tre. Til dømes ei høg gran eller ei vindskeiv bjørk.
  9. DU! (Men du treng ikkje henga det opp på ein lapp på spegelen din slik at du ser det kvar dag, det blir for dumt.)
  10. Mannlege eliteskiløparar som skøytar på ski i solskin.
Lev vel!

Kommentarer

Anonym sa…
Tillegg til lista:
- våkne tidlig en morgen - kaldt i rommet, varmt under dyna - og jeg har fri
- dagens første kaffekopp
- barnelatter
Fru K sa…
Takk for delinga!

Eg høyrde stygg barnelatter i går. Men i dei aller fleste tilfella høyrer det med på ei slik liste.

No har eg hatt dagens femte kaffikopp. Ikkje like vakker som fyrste.