Ord i vinden: Framoverlent

Eg lærte ordet på Nynorsk avissenter i haust. Eg kunne det ikkje frå før, for det finst ikkje i ordbøkene, korkje på nynorsk eller bokmål. Han som lærte meg det, lente seg langt framover bordet kvar gong han sa det. Han prenta inn i oss at det er viktig å ha denne eigenskapen, særleg som journalist. 

Eg liker ikkje når folk lener seg så langt fram mot meg (intimsona mi er ganske stor), så eg lente meg bakover i stolen for å halda avstanden ved like. Og eg tenkte med eit sukk: No går karrieren i dass. 

Google/ddg

Eg har likevel gjeve omgrepet eit høve til å overtyda meg om at framoverlent er noko eg bør og vil vera. Sidan eg ikkje fann det i ordboka, spurte eg Google.

"En tydeligere og mer fremoverlent Europapolitikk - Høyre", "Er du nyutdannet, fremoverlent og innovativ?: Bygg.no", "Er du en fremoverlent løsningsselger? Capa Kinoreklame","Leveransekraft til en av Norges mest fremoverlente banker", "Vi søker fremoverlent teknisk selger" osb. 

Konklusjon: Det er attråverdig å vera framoverlent. 

I det siste har eg også gjort det for vane å gjera søk på duckduckgo.com. Det gjev meg ei søt kjensle av privatliv. For eg har noko å skjula for NSA: Sjela mi.

Sjølv om Google allereie har svara meg, spør eg ddg-anda også. Dess fleire kjelder, dess betre. På ddg får eg til dømes desse treffa: 

"Trygg og fremoverlent IT-bedrift", "...et fremoverlent rekrutteringsselskap" osb. Det kjem også opp ein mann som skildrar seg sjølv som "ivrig og fremoverlent" på ein sosial nettstad. 

Konklusjon 2: Samsvarer med konklusjon 1. 

Eg søker også i Google sine bilete. Bilete nummer to viser ei jente som sit lent over eit skrivebord. Det er eit kryss over biletet, for slik skal ein ikkje sitja. 

Tolkinga 

Dersom det er så bra som Google og ddg seier, så får eg vel prøva å bli framoverlent eg også. Men kva vil det innebera? I mangel på definisjon deler eg ordet i to for å forstå det.

Framover: "i retning fram", "i utvikling mot fullføring eller mot noko betre", forklarer nynorskordboka. 

Lene: "lene seg mot"

Ein lener seg mot noko. Om ein ikkje har noko å lena seg mot, går ein på trynet. Kva skal ein lena seg mot? Mykje rart. Her er nokre utvalde framlegg:

1. Eit anna menneske. Om det er dette jobbannonsørane meiner, er det rørande. 

2. Veggen. Dette gjer ein når ein er sliten. 

3. "Noko betre". Kva no enn det måtte vera. 

Sikkert og visst er det uansett: Ein framoverlent person kan ikkje stå oppreist aleine. Med mindre magemuskulaturen er veldig sterk. Då er pilates tingen. 

Eg trur det politikarar og jobbannonsørar eigentleg meiner å seia, er "frampå". I nokre tilfelle kan "handlekraftig" og "effektiv" også gjera susen. 

Oppreist

Sjølv om eg er arbeidssøkande, vel eg å halda "framoverlent" borte frå jobbsøknadane mine. Eg vil heller stå med rak rygg. Heilt utan støtte. Eg kan godt sjå framover, og eg kan til og med gå framover, men eg lener meg ikkje framover. 



Kommentarer