Efendi

Kaffitørst. Me går til kafeen eg liker. Han er full. Me snur i døra etter å ha sagt hei til ho baren. Så går på me litt på skrå opp den fargerike gata.

Efendi, står det over døra.

snl.no: "Efendi, tittel som ble brukt i det osmanske rike om sivile tjenestemenn, prester (mullah), vitenskapsmenn og andre lærde personer. Den ble satt etter navnet og ofte føyd til embetstittelen."

Det er tomt. "Det ser stengt ut", seier venen min. Me opnar døra og går inn. "Good afternoon", seier ein mann idet han kjem inn frå bakrommet. Me spør etter kaffi. "Har de smakt tyrkisk kaffi før?" Me ristar på hovuda og seier nei. "Om de ikkje liker det, skal de få ein vanleg kaffi gratis."

Mannen peiker på dessertar som er danderte i veldig små glas. "Den der passar veldig godt til. De kan dela ein."

Me set oss i ein låg sofa full av fargar.

Mannen kjem med eit brett. Plasserer ein liten, raud kaffikopp framføre meg. Ved sida av, eit glas vatn med gullkant og isbit. Venen min får ein svart kopp. Elles likt. Midt mellom koppane, som står på rett linje, vert desserten plassert. 

"Takk", seier me og er klare til å drikka og eta.

Men me må venta litt. For dette kan ikkje berre drikkast og etast. Det må gjerast rett, og det må demonstrerast.

Fyrst, ein liten slurk vatn "to prepare the palace". Så ein sup kaffi. Så ei teskei med dessert. Skeia skal førast rett ned i glaset, slik at ein får med seg alle laga på eit tak. Mannen viser. Gjev teskeia til venen min. Mannen viser ein gong til. Gjev den andre tekseia til meg.

Det går greitt å drikka litt vatn undervegs. Men ikkje etter siste slurken. Utan vatn vil smaken bli verande. Lenge.

Og, forresten, spar bittelitt av desserten heilt til slutt. Han skal etast saman med siste kaffidråpe.

Me gjer som han seier, medan me les i bøker om kaffi.


Mannen spør om det er greitt at han moppar ferdig andre halvdel av kafeen. Han spør om me vil at han skal skrua av jazzen. Nei, nei, det er flott. 

Eg får den siste biten av desserten, for venen min er ikkje glad i søtt. Slike venar er sjeldne og gode å ha.

Me går ut. Vandrar gjennom vinden. Han seier at han framleis kjenner smaken. Eg kjenner etter i ganen. Ja.

Skal du ikkje ta bilete? 




Kommentarer